Ørsta kommune stilte med både ordførar Per Are Sørheim, konstituert kommunedirektør Kari Flø og Økonomisjef Jan Inge Bueide. Frå kyrkja stilte kyrkjeverge Jørn Velle, prestane Arne Moltubak, Espen Aarseth og Kristian Myklebust, fellesrådsleiar Anders Digernes og Inger Olaug Øye Walseth frå Hjørundfjord sokneråd. Kyrkjeverge Jørn Velle ønskte velkommen medan ordførar Per Are Sørheim leia møtet.
Det vart ein god samtale om kva kyrkja bidrar med og kan bidra som både trussamfunn og samfunndsaktør. Ein var innom mellom anna beredskap, skule-kyrkjesamarbeid, integreringsarbeid og kyrkjebygg.
Etter lunch leia prost Ingeborg Matre fagmøte for tilsette. Tema var: "Kva er det viktigste vi vil gje vidare og korleis kan vi gi det til nye generasjonar?"
På konfirmantsamlinga på Ørsta bedehus var tema "Kva står i Bibelen" og konfirmantane var invitert til undring over kva Bibelen er for ei bok og kva den kan bety i våre liv i dag.
Dagens siste programpost vart ei flott konsertoppleving med mange høgdepunkt. Leiv Arne Nydal, Kirsten Ragnhild Grimstad, Anne Velle Rishaug og Ørsta kyrkjekor tok del saman med kantor Marie Austhreim Riise og organist John Inge Bjøringsøy. Etter konserten stod Ørsta sokneråd for kveldsmat. Kyrkjestova var full, det var god stemning og god drøs.
Torsdag held visiasen fram med skule- og barnehagebesøk på Sæbø skule, andakt på Ørstaheimen, bedriftsbesøk på Union hotel Øye, øving med barnekora GLØD og MiniGLØD og Språkafe.
Bilete frå visitas - dag 2

















