På Sæbø skule fekk biskop Ingeborg møte elevane på ungdomskuletrinnet. Dei lurte på alt frå korleis ein blir biskop og kva biskopen synes er det finaste med kristendommen til om biskopen seier ja eller nei til ananas på pizza. Til det siste kunne biskopen avsøre at ho helst vil ha kvit pizza med ruccola og spekesinke. Følget fekk og ei spanande omvising på den flotte skulen av rektor Hallgeir Aam.
På Hjørundfjordheimen hadde sokneprest Espen Aarseth andakt, medan biskopen helsa og lyste velsinginga. Etter andakten var det god tid til prat og gode historier.
Frå Hjørundfjordheimen gjekk turen vidare over fjorden til Øye og Hotel Union. Her fekk følget servert ein nydeleg lunsj og ei flott omvising ved direktør Mariann Øye. Hotellet har kvart år ønske om vigsel og bryllup og også kyrkja har hatt fleire vigsle der dei siste åra. Dette var eit godt høve for å samtale om dette gode og viktige samarbeidet.
Tilbake i Ørsta fekk biskopen med seg både korøving med dei to barnekora GLØD og MiniGLØD og besøk på språkkafeen, ein viktig møteplass for integrering og språktrening for innvandrar frå ulike nasjonalitetar.
Søndag vert visitasen avslutta med festgudsteneste i Ørsta kyrkje og kyrkjekaffe med biskopen sitt visitasforedrag på Ørsta bedehus. På gudstenesta vil både Ørsta kyrkjekor, barnekoret GLØD Leiv Arne Nydal og Karen Rosenberg Olsen ta del i tillegg til biskopen og fleire tilsette og frivillige. Vi gler oss til gudstenestefellesskap!
Bilete frå visitas - dag 3
















