Brørne Jan Endre og Sindre Vardal og HR-sjef Gunnhild Aarsæther tok i mot følget med nydelege snittar og fortalte om familiebedrifta si stolte historie, visjonar og utvikling. Biskopen vart særleg imponert over bedrifta sitt arbeid for å få unge menneske inn i arbeidslivet. Deler av følget fekk også ei spanade omvisning i sjølve fabrikklokala.
På kvelden var alle dei tre sokneråda samla til felles møte på Ørsta kyrkjekontor. Det vart gode samtalar om arbeidet i sokna og kvar vegen går vidare. Onsdag held visitasen fram med blant anna morgonmesse, møte med representantar for kommunen, fagmøte, konfirmantundervisning og konserten "Himmelvendt: Musikk, poesi og salmesus".
Bilete frå første visitasdag










