På gudstenesta fekk vi høyre både barnekoret GLØD, Ørsta kyrkjekor, sopran Karen Rosenberg Olsen og fiolinist Leiv Arne Nydal. Biskop Ingeborg Midttømme heldt preika og mange løna og uløna medarbeidarar tok del.
På bedehuset hadde sokneråda stelt i stand eit flott kake- og snittebord. Fellesrådsleiar Anders Digernes leia samliga der vi fekk lytte til musikk ved Leiv Arne Nydal og Marie A Riise, helsing frå ordførar Per Arne Sørheim og biskop Ingeborg Midttømme sitt vistasforedrag.
Ordføraren si helsing
Ordføraren heldt ei flott helsing med mellom anna desse orda: "Som ordførar representerer eg heile kommunen – alle livssyn, alle bakgrunnar, alle generasjonar. Samstundes er eg djupt medviten om at kyrkja har ein heilt særskilt plass i lokalsamfunnet vårt. Kyrkja er ikkje berre eit trussamfunn. Ho er ein møteplass, ein kulturberar, ein tradisjonsformidlar – og for mange: ein berebjelke i livet." Les heile helsinga her.
Biskopen sitt visitasforedrag
I visitasforedraget delte biskopen av sine erfaringar frå dagane i Ørsta. Ho takka for alt ho hadde fått vere med på og trakk fram alt frå gode møter med stab, råd og kommune til flotte musikkopplevingar, skuleomvisning, bedrifts og institusjonsbesøk, barnekor, språkkafe og gudstenestefellesskap.
Ho utofrdra sokneråda til å arbeide vidare med planverktøyet "Kyrkja vår" og til å snakke saman med staben om korleis ein kan oppnå ynsket om ei vidare satsing på ungdom. Les heile foredraget her.
Vi takkar biskop Ingeborg for besøket og ynsker velkommen tilbake til jubileum for Vartdal kyrkje i 2027.
Foto: Roar Velle/Arne Moltubak/John Inge Bjøringsøy
Bilete frå visitasen - siste dag
















