Er du vår nye kyrkjelydspedagog?

Ledig stilling PROSJEKTSTILLING SOM KYRKJELYDSPEDAGOG Inntil 100% stilling i 3 år. Stillinga kan eventuelt delast opp og det vert då høve til team-arbeid for dei som er tilsett.

Publisert:

Er du vår nye kyrkjelydspedagog?

Sokna i Askvoll, Fjaler, Høyanger og Hyllestad har inngått eit nytt samarbeid om felles pedagog til den kyrkjelege undervisninga for barn og unge frå 0-18 år i samarbeidsområdet. 
Stillinga er ledig for snarleg tiltreding, og den som vert tilsett vil få ei leiande rolle i realisering og vidareutvikling av dei vedtekne planane i sokna 
Kyrkjelydspedagogen vil utføre arbeidet sitt i samarbeid med lokalutval i soknastyringsgruppa for stillingssamarbeidet, sokneprest, kantor/organist og andre nna og ulønna medarbeidarar.  
 

Det er om lag 1350 kyrkjemedlemer i aldersgruppa 0-18 totalt i sokna. Plan for den kyrkjelege undervisninga er vedteke i alle sokna, men ikkje alle tiltaka er innfasa enno.  

 

Arbeidet vil vere lokalisert i heile regionenEin naturleg felles samlingsstad er Alværa kyrkje- og misjonssenter (NMS). I regionen er det mange lokale som er godt  eigna for arbeidet med barn og unge, med mellom anna multimediautstyr, fleksibel møblering, kjøkkenfasilitetar m.v. Det er jamt over god oppslutning i sokna. For nærare informasjon om sokna og om undervisningstilbodet til barn og unge, sjå: 
 
 
www.kyrkja.no/askvoll 

 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • -Fylgje opp og vidareutvikle lokale planar for kyrkjelege undervisning og læring i sokna 

  • -Saman med utval på soknenivå og styringsgruppa ha ansvar for at tiltaka i læringsplanane vert gjennomførte. 

  • -Ansvar/deltaking i gudstenester knytt til kyrkjeleg undervisning og læring 

  • -Ha ansvar forog delta i arbeid blant born og unge, mellom anna konfirmantarbeid. 

  • -Rekruttere og inspirere uløna medarbeidarar. 

  • -Profilere kyrkjeleg undervising og læring i ulike medier. 

  • -Rapportering. 
     

Vi ynskjer ein person som: 

  • -Har interesse og engasjement for kyrkjeleg arbeid for born og unge. 

  • -Har minimum 3-årig høgare utdanning med pedagogikk og/eller kristendom i 

fagkrinsen. Manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring. 

  • -Har kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd. 

  • -Har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar og erfaring med sosiale medier. 

  • -Kan arbeide sjølvstendig og systematisk. 

  • -Har personlege eigenskapar som gjer ein skikka for stillinga (engasjement, kreativitet, formidlings- og samarbeidsevne). 

 

Opplysningar om stillinga: 

  • -Løn etter kvalifikasjonar etter gjeldande tariffavtale i KA sitt tariffområde. 

  • -God pensjonsordning i KLP. 

  • -Kyrkjeverja i vertsfellesrådet er næraste overordna for stillinga.  

  • -Fast kontorplass etter avtale. 

  • -Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helgar. 

  • -Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja. 

  • -Søkjar  disponere bil (skyssgodtgjersle). 

  • -Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politiattest. 

  • -Oppstart i stillinga: 1. februar eller etter avtale. 
     

For nærare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med: 

Kyrkjeverja i Fjaler:  
Kristin Kalstad telefon 917 15 126, e-post: kk636@kyrkja.no  

Kyrkjeverja i Askvoll:  
Rune Ziener, telefon 4763 319, e-post: rz459@kyrkja.no 

Kyrkjeverja i Høyanger: 

Stig Jonny Fitje, telefon 917 63 803, e-post sf729@kyrkja.no 

Søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar kan sendast på e-post eller post til kyrkjeverja i Askvoll: 
 
Askvoll sokn 
Postboks 14 
6988 Askvoll

 

Søknadsfrist: 5. januar 2026 

Kontaktinformasjon for Askvoll sokn

Besøksadresse:  

Askvoll sokn
Askvollvegen 398
6980 Askvoll

Postadresse:

Postboks 14
6988 Askvoll

 

                                                                                                           

 

Tlf.: 91874724

E-post:  post.askvoll@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"