Tiltaket kjem etter initiativ frå kyrkjeverja Rune Ziener, som har arbeidd aktivt med å finne gjennomførbare løysingar for å møte dei kommunale nedskjæringane som no rammar kyrkja hardt. Soknerådet opplyser at alle tradisjonelle sparetiltak er brukte opp, og at ein no må finne nye inntektsstraumar for å sikre grunnleggjande drift, særleg knytt til stell og vedlikehald av gravplassane.
Definert som 'intimkonsert'
Reglar for bruk av kyrkjene slår fast at gudstenester og kyrkjelege handlingar skal vere opne utan betaling. Samstundes opnar regelverket for at konsertar i kyrkja kan ha billettinntekter. For å finne ei juridisk løysing har soknerådet difor valt å klassifisere sjølve konfirmasjonsdelen av gudstenesta som ein 'intimkonsert'.
For konfirmantar og foreldre er ordninga gratis, medan gjester må betale 250 kroner per person. Sidan Askvoll i snitt har 29 konfirmantar i året, og kvar konfirmant normalt har om lag 20 betalande gjester, kan ordninga gi over 150 000 kroner i inntekt årleg. Desse midlane skal i sin heilskap nyttast til stell og vedlikehald av gravplassane i sommarhalvåret.
Meir byråkrati
Som følgje av at konfirmasjonsdelen blir definert som intimkonsert, må kantoren følgje ein ny, byråkratisk musikalsk protokoll. Krava omfattar:
– Framføring av ein obligatorisk introduksjonssekvens på 27 takter i moderat tempo.
– Klassifisering av alle musikalske ledd etter 'Konsertkodeverket K‑2024', som HLM (høg-liturgisk modul), MMT (mellomtettleik musikalsk tekstur) eller VPO (vokal-påkravd overgang).
– Dokumentasjon av at avslutningsmusikken inneheld ein 'tonal avsluttingsimpuls' på mellom 11 og 14 sekund.
Kantor Sabina Baylarbayova kommenterer oppgitt:
– Dette er første gong eg har fått krav om å spele «moderert liturgisk overgang med bekrefta konsertpreg». Eg må vel hente fram stoppeklokka. Men gravplassane treng pengane, så vi får prøve.
Kontroversielt
Vedtaket var ikkje einstemmig. Presten i Askvoll, Ragnhild Stav, stemte imot og understreka at konfirmasjon er ei kyrkjeleg handling som ikkje bør knytast til betaling. Fleirtalet i soknerådet meinte likevel at situasjonen er så alvorleg at ekstraordinære tiltak er naudsynte. Dei er rede på at nyordninga vil møte krass kritikk blant folk flest, og prost Knut Magne Nesse er svært kritisk, og oppmodar soknerådet om å revurdere vedtaket. Han er uroa for at dette vil kunne bygge opp under ei trend mot meir privatisering og kommersialisering av kyrkjelivet, og at dette står i sterk kontrast til folkekyrkjetradisjonen her til lands. Han ønskjer å drøfte saka med biskopen snarast råd over påske.
Soknerådsleiar Wenche Ness Gabrielsen seier ho forstår at enkelte vil reagere:
– Eg beklagar verkeleg at dette må innførast allereie no til vårens konfirmasjonar. Vi hadde ønskja ein lengre prosess, men økonomien gjev oss ikkje handlingsrom. Dette er det mest skånsame tiltaket vi har tilgjengeleg som ikkje rammar familiane direkte.
Ordninga blir innført allereie frå og med konfirmasjonane etter påske.