Prosjektstilling som kyrkjelydspedagog

Minimum 100% stilling i 3 år. Stillinga kan eventuelt delast opp og det vert då høve til team-arbeid for dei som er tilsett.

Publisert:

Prosjektstilling som kyrkjelydspedagog

Sokna i Askvoll, Fjaler, Høyanger og Hyllestad har inngått eit samarbeid om felles pedagog til den kyrkjelege undervisninga for barn og unge frå 0-18 år i samarbeidsområdet.
Stillinga er ledig for snarleg tiltreding, og den som vert tilsett vil få ei leiande rolle i realisering og vidareutvikling av dei vedtekne planane i sokna.
Kyrkjelydspedagogen vil utføre arbeidet sitt i samarbeid med lokale utval i sokna, styringsgruppa for stillingssamarbeidet, sokneprest, kantor/organist og andre lønna og ulønna medarbeidarar.

Det er om lag 1350 kyrkjemedlemer i aldersgruppa 0-18 totalt i sokna. Plan for den kyrkjelege undervisninga er vedteke i alle sokna, men ikkje alle tiltaka er innfasa enno. 

Arbeidet vil vere lokalisert i heile regionen. Ein naturleg felles samlingsstad er Alværa kyrkje- og misjonssenter (NMS). I regionen er det mange lokale som er godt  eigna for arbeidet med barn og unge, med mellom anna multimediautstyr, fleksibel møblering, kjøkkenfasilitetar m.v. Det er jamt over god oppslutning i sokna. For nærare informasjon om sokna og om undervisningstilbodet til barn og unge, sjå:

www.kyrkja.no/askvoll

www.kyrkja.no/fjaler/

www.hyllestad.kyrkja.no

www.kyrkja.no/hoyanger

Arbeidsoppgåver:

·       Fylgje opp og vidareutvikle lokale planar for kyrkjelege undervisning og læring i sokna

·       Saman med utval på soknenivå og styringsgruppa ha ansvar for at tiltaka i læringsplanane vert gjennomførte.

·       Ansvar/deltaking i gudstenester knytt til kyrkjeleg undervisning og læring

·       Ha ansvar for, og delta i arbeid blant born og unge, mellom anna konfirmantarbeid.

·       Rekruttere og inspirere uløna medarbeidarar.

·       Profilere kyrkjeleg undervising og læring i ulike medier.

·       Rapportering.

Vi ynskjer ein person som:

·       Har interesse og engasjement for kyrkjeleg arbeid for born og unge.

·       Har minimum 3-årig høgare utdanning med pedagogikk og/eller kristendom i

fagkrinsen. Manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.

·       Har kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd.

·       Har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar og erfaring med sosiale medier.

·       Kan arbeide sjølvstendig og systematisk.

·       Har personlege eigenskapar som gjer ein skikka for stillinga (engasjement, kreativitet, formidlings- og samarbeidsevne).

 

Opplysningar om stillinga:

·       Løn etter kvalifikasjonar etter gjeldande tariffavtale i KA sitt tariffområde.

·       God pensjonsordning i KLP.

·       Kyrkjeverja i vertsfellesrådet er næraste overordna for stillinga.

·       Fast kontorplass etter avtale.

·       Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helgar.

·       Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.

·       Søkjar må disponere bil (skyssgodtgjersle).

·       Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politiattest.

·       Oppstart i stillinga: 1. august eller etter avtale.

For nærare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med:

Kyrkjeverja i Fjaler:
Kristin Kalstad telefon 917 15 126, e-post:
kk636@kyrkja.no

Kyrkjeverja i Askvoll:
Rune Ziener, telefon 479 63 319, e-post:
rz459@kyrkja.no

Kyrkjeverja i Høyanger:

Stig Jonny Fitje, telefon 917 63 803, e-post sf729@kyrkja.no

Søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar kan sendast på e-post eller post til kyrkjeverja i Askvoll:

Askvoll sokn
Postboks 14
6988 Askvoll                              
Søknadsfrist: 15. mars 2026

Kontaktinformasjon for Askvoll sokn

Besøksadresse:  

Askvoll sokn
Askvollvegen 398
6980 Askvoll

Postadresse:

Postboks 14
6988 Askvoll

 

                                                                                                           

 

Tlf.: 91874724

E-post:  post.askvoll@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"