Tradisjonen tru har Løvstakksiden menighet sommarfest på treeinigskapssøndag, 15. juni, etter gudstenesta.
- Stad: St Markus kyrkje, Lien 45 / Lotheveien 1
- Dato: 15. juni
- Gudsteneste: Kl 11 i kyrkjeromet
- Fest: Ca. kl 12 i menighetssalen, når gudstenesta er ferdig
Den føregåande gudstenesta vert ei lekgudsteneste, dvs. vi har ikkje med prest og alt vert gjort av ulønna frivillige. Vi prøvar å legge det opp litt barnevennleg med flanellograf-forteljing for born.
Etterpå samlast vi i menighetssalen til god mat som nokre flinke damer har laga til. Om veret vert bra, kan ein også vere litt ute, der er ein grasbakke og ein liten leikeplass nedanfor kyrkja.
Alle er velkomne!