Nytt år og ny vilje!

Eit nytt år ligg framfor oss og for mange betyr det å gje seg sjølv nyttårsløfter. Ofte kan dette handla om livsstilsendring og kursendring. Men korleis er det med viljen til ny kurs? Her skriv sokneprest Jan Helge Eggestøl om døyparen Johannes, om den kloke viljen og om billig nåde.

Publisert:

Foto: Åse Solvi
Foto: Åse Solvi

Ein som verkeleg utfordra til livsstilsendring og kursendring var døyparen Johannes. Han mana folket til å bruka viljen til det som er rett og godt og å venda seg bort frå det som er øydeleggjande og gjer skade. Det vi kallar synd.  Men, det var først når ein verkeleg «vil» at det var aktuelt med dåp. Johannes sin dåp er ikkje ein kristen dåp men ein dåp der det blir sett eit skilje. Mellom det som var og det som skal bli til. Og det som skal bli til er ein fast og klår vilje til det å gjera det som er rett og godt.

Døyparen Johannes minner oss om viljen. For det er først når ein har ein bevisst vilje at ein kan gjera nokon med sine nyttårsløfte. Men det er ikkje nok med ein sterk vilje. Viljen må og vera klok! Dersom viljen berre er sterk så kan ein fort bli utolmodig og pressa seg sjølv så langt at ein blir sliten eller misser motet. Ein klok vilje tar omsyn til eigne grenser og gjera akkurat det som skal til utan at ein overdriv.

Men det er heller ikkje nok om viljen er sterk og klok. Den må også vera god og varmhjarta. Ein skal gjera det som er godt og rett og ikkje det som øydelegg eller gjer skade. Og om ein i tillegg har ein transcendent vilje, at ein opplever at ein har eit kall i livet, blir viljen heil og blir til det som vi kan kalla den gledefylte vilje.

Eit nytt år ligg framfor oss. Vi blir utfordra til å bruka viljen til det som er rett og godt. Både i eige liv, overfor andre, naturen og i menigheten.

Om du vil lesa meir om den kloke viljen og om døyparen Johannes kan du her lesa preika som sokneprest Jan Helge skal halda på 2.søndag i openberringstida med utgangspunkt i Matteus kap 3, v 13-17:

 Jesus blir døypt

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Johannes praktiserte det vi kallar Johannes dåp, som ikkje er det same som ein kristen dåp. Johannes var ein som forkynte bot og omvending. Om å leva rett og godt og ikkje øydeleggja og gjera det som er vondt. Det vi kallar synd.

Det var først når den som kom til Johannes og ville bli døypt og ville gjera ei endring på livet at det blei aktuelt med dåp. Når ein var klar for det, og at det var ein fast vilje, så blei den som blei døypt ført til vatnet.  Det skjedde med full ned dykking i vatnet. Det gamle livet blei skylt vekk og det nye livet oppstod. Dåpen blei på ein måte eit «segl», ei symbolsk handling på ein ny start og ny vilje. Johannes dåpen blei ei markering på at frå no av skulle livet ta ei ny form.

Kanskje kan det minna om å gi eit nyttårsløfte som ofte handlar om livsstils endring eller kursendring?

Når Jesus kjem til Johannes og vil bli døypt blir Johannes svært overraska. Jesus trong ingen dåp. Han hadde levd reint og fint og Johannes visste at frå han var barn var Jesus meir enn eit vanleg menneske. Jesus var av ein annan støyping enn han.

Men, Jesus stod på sitt. Han ville bli døypt. Og i det Jesus blei døypt får dåpen ein tydeleg karakter av å vera eit tidsskilje. Jesus står opp frå vatnet og det blir avslørt kven han var. Han var Guds son, og fyller Gud med glede. Røysta frå himmelen blir blanda saman med englane sin song på julekvelden : «Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»

Jesus står opp frå vatnet med tydeleg retning og vilje. Han avslører Guds vilje med menneskelivet. Menneskesonen viser og gjer tydeleg kva eit menneske er. Så gjer Jesus det han skal! Han kallar etterfølgjarar, disiplar, og dei fekk verkeleg oppleve kva krutt og kraft som var i Jesus. Dei som var sjuk gjorde han frisk. Dei som gjorde vondt tilgav han syndene. Dei som var besett av vonde ånder blei fri. Dei som var svoltne fekk mat. Dei som sørgja fekk trøyst. Dei som var døde fekk livet attende. Dei som var rik måtte dela med dei som ikkje hadde. Dei som stod fram og trudde dei var betre enn andre, blei irettesett. Ja, til og med den vonde sjølv, satan, måtte bøye kne for Menneskesonen, Jesus Kristus.

Jesus gjekk rundt og minna menneske på kven dei var som elska av Gud og som Gud gleda seg over. Og med kraft frå det høge stod han fram og avslørte dette. Tydeleg, klårt med lys og kraft.

Også Johannes forkynte at Guds vilje for mennesket var noko meir og større. Difor utfordra han til bot og omvending. Om å ta tak i det som bryt sundt og øydelegg. Mennesket er så mykje meir. Menneske har Guds avtrykk i seg. Guds avglans. Guds pust. «Så ta dykk saman og vend om og stå fram som den du er», var bodskapen hans.

«Billeg nåde», er eit ord som kling med på denne dagen. Det var eit ord som den kjende motstandspresten Dietrich Bonhoeffer brukte. Under 2. verdskrig, i Tyskland, blei han fengsla for sin motstand. Han blei til slutt drepen av nazistane. Bonhoeffer meinte at kyrkja måtte vera tydeleg. Til å stå fram med motstand når livet stod på spel. Store delar av den kristne kyrkja i Tyskland var taus og gjorde lite motstand. Slik var det ikkje i Noreg. 90% av prestane i kyrkja la ned sine embete og motstandsrørsla gjorde ein stor innsats.

Nåden var der, meinte Bonhoeffer, men den einskilde har sjølv eit ansvar for å ta opp kampen. Bruka sin vilje til å kjempe mot urett.

I vår tid opplever vi uro på mange frontar og då er det kanskje endå meir viktig å vere klar og bevisst. Vere vakne. Og kjempe for verdiar og haldningar som vi vil verne om, og hjelpe og støtte der det trengs. Johannes stilte krav til dei som ville bli døypt. Det var ikkje rett fram. Nei, det var eit stopp opp. Meiner du verkeleg det du vil? Til å gjere det som er rett og godt?

Kanskje treng vi denne påminninga i møte med utfordringane i vår tid? Vi må vera vakne, medvitne og visa ein aktiv vilje! Billig nåde, betyr at vi tek imot tilgjeving utan at det kostar oss noko. Guds nåde er stor og utvida. Men det betyr ikkje at vi skal la vere å gjere noko. 

Ein gong blei vi døypt. Dei fleste av oss som barn. Det var ikkje full ned dykking, men symbolsk er det likevel slik. Vi står opp frå vatnet som nye menneske. Då Jesu blei døypt blei ei due synleg og som er eit symbol på Den heilage ande. Den heilage ande er nær i den kristne dåpen. Den heilage ande fyller oss med kraft frå det høge. Når vatnet rann nedover hovudet er det Guds nåde. Vi blir bada i Guds nåde. Dåpen er eit sakrament som gjer oss til nye menneske, til dei vi er som skapt av Gud og frelst ved Jesu død og oppstode.

Men det er ingen billeg nåde. For vi blir kalla til å ta opp våre kors. Vi blir ikkje fri frå det som er krevjande, men fri til å ha ein bevisst retning og vilje. Som kristne er våre liv så mykje meir og større. Vi er Gudskapte menneske og er frigjort i Kristus. Til eit liv med vilje, håp og framtid.

Eit nytt år ligg framfor oss. Kva som er i vente veit vi ikkje. Men, vi veit kva som er viktig og kva Gud vil med liva våre. Vi skal vera vakne, klare og bevisste. Til å gjere det som er rett og godt. Og midt i det kvile i Guds nåde og ein gong… få evig kvile for vår sjel.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"