I Herrens bøn Vår far (Fader vår) ber vi: «Gjev oss i dag vårt daglege brød» (Matteus 6: 11). Næring frå skaperverket gjer oss i stand til å skape nytt liv. På lik linje med andre idelle organisasjonar, er Kyrkja oppteken av at menneske skal ha nok mat. Måltid er ikkje berre eit samlingspunkt for grupper og familiar, men ein føresetnad for alle med tanke på å fungere i det dagelege liv. Mål 1 Utrydde fattigdom i dei 17 Bærekraftsmåla til FN legger sterke føringer for korleis vi skal tenke. Matutdelinga vert eit reiskap i denne store samanhengen.
Matutdeling
Vi arrangerar ei fordomsfri matutdeling i lokaler på Vinstra i Nordre Byre 17.
Vi ynskjer fleire frivillige til dette veldig viktige arbeidet. Og gode samarbeid med aktørar som vil bidra med mat/varer og midlar. Matutdeling er eit av tiltaka i den lokale diakoniplanen til fellesrådet. Planen favnar om Den norske kyrkja sine 4 verksemdområde for diakoni; nestekjærleik, inkluderande fellesskap, kampen for rettferd, og vern om skaparverket. Les meir via lenkene nederst på sida her.
Du kan støtte Matutdelinga personlig eller som representant for bedrift/organisasjon:
Vipps: 598171, der du vel kategorien "Matutdeling"
Kontonummer til fellesrådet er: 2095.06.14537 (merk med matutdeling)
Jesus seier: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! (Matteus 11: 28)
Kyrkja tilbyr samtaler med menneskjer i ulike livssituasjoner
Livet går ikkje alltid på skinner. Iblant strevar vi med enkelte hendingar i liva våre. Noko kan vere vanskeleg å takla eller finna ut av.
Kyrkjas medarbeidarar har erfaring og kompetanse til å møte og samtale med menneskje med ulike behov i ulike livssituasjonar. Tilbodet er gratis, og kyrkjas medarbeidarar har teieplikt. Kontaktinfo til medarbeidarar er nederst på denne sida.
Kirkens SOS tilbyr eit menneskje å snakka med – til ein kvar tid. Det er ein døgnåpen krisetelefon for menneske som er i ei kjennelig eller eksistensiell krise, og for den som har tanker om å ta sitt eige liv. Alle som ringer krisetelefonen vil bli møtt med forståelse og aksept. tlf: 22 40 00 40.
Kyrkja si frivillige våketeneste for sjuke døyande og deira pårørande
Livet har mange faser, og livet si siste fase er tida da dei færraste av oss veit når kjem. Har livet gitt meining? Kva for meining er det å ikkje lenger ha ei stemme, ikkje kunne sjå, å ikkje være bevisst? Livsanden og hjerteslaga er med oss til enden. I denne fasa er menneske på sitt mest sårbare. Og alle har kanskje ikkje nære pårørande. Når verda sakte sikkert svinn bort, skal da ikkje noen vera med?
Vi ønsker å vere med å ivareta den lindrande omsorg for den sjuke døyande og dykk pårørande i livetsin siste fase, med respekt for pasienten og pårørande sine ønsker.
Kyrkja i Nord-Fron sin våketeneste er godt kvalifiserfor for oppgåve - frivilige med rik erfaring frå livet, yrkeslivet (helse- og omsorgsyrker), menneskeleg empati og kyndig vurderingsevne. Og vi har den offentlege helsetenesta i nettverket.
Kontaktinfo til diakon og leiar i diakoniutval står neders på denne nettsida.
...Ei hand å holde i
Når sol skal gå ned.
Og vi aner at den tid vi har
vil fly av sted.
Og vi må følge med...