Denne helga opnar kyrkja ikkje berre for nye ekteskap, men også for dei som ønskjer å fornye ekteskapsløfta sine. Anten ein har vore gift i mange år, har levd saman lenge eller berre ønskjer å markere samhaldet og kjærleiken på nytt.
Ei heilt unik ramme rundt ja‑ordet
Geiranger Lyskunstfestival går føre seg frå 13. til 22. februar, og gjer bygda til eit levande kunstverk i vintermørkret. Under festivalen er også Geiranger kyrkje prega av lyskunsten, og gir vigslene eit heilt eige uttrykk.
For dei som ønskjer det, vil det vere mogleg å:
- bli vigde ute ved ein lysinstallasjon, omgitt av vinter, kunst og fjord
– eller - ha vigsel eller løftefornying inne i kyrkja, der lyskunsten er ein integrert del av rommet
Dette gjev ei ramme få andre stader i landet kan tilby.

Tidspunkt
Det blir lagt til rette for seremoniar:
- Fredag 20. februar – kveld
- Laurdag 21. februar – føremiddag
- Laurdag 21. februar – kveld
Ein må melde seg på førehand, slik at vi får ordna papir og det praktiske. Det gjer ein ved å ta ein første kontakt med Fjordaprest Ann Kristin Langeland, tlf 976 87 525 eller til Stranda kyrkjekontor på tlf 404 41 522.
Drop‑in‑bryllaup – heilt enkelt, like stort
Drop‑in‑bryllaup i Den norske kyrkja er ei enkel, men fullverdig kyrkjeleg vigsel. Seremonien inneheld:
- Musikk (ikkje på vigslene som er utandørs)
- tekstlesing
- ei kort, personleg tale
- ekteskapsløfte
- forbøn og velsigning
For fornying av ekteskapsløfte blir seremonien tilpassa paret. Her handlar det ikkje om det juridiske, men om takksemd og fellesskap.
Dette må vere på plass for vigsel
For dei som ønskjer å gifte seg, må følgjande vere i orden:
- Gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten (gyldig i 4 månader)
- To forlovarar
- Gyldig legitimasjon
For fornying av ekteskapsløfte er det ikkje krav om prøvingsattest.
Fjordapresten vier
Det er Fjordapresten Ann Kristin Langeland som står for seremoniane. Ho kjenner fjordfolket, kulturen og landskapet godt. Målet er at dette skal bli fine, verdige og minneverdige stunder, anten det er første gong ein seier ja – eller om ein kjem for å fornye løfta sine til kvarandre, seier Langeland. Ho legg vekt på at kvar seremoni skal opplevast personleg, samtidig som ramma er høgtideleg og inkluderande.
Kom som de er
- Kom i bunad, kjole, dress – eller ullgenser og gode vintersko
- Ta med familie og vener – eller berre kvarandre
- Gjer dagen stor – eller stillferdig
Her er det rom for livet slik det er.
Når kjærleiken får lys rundt seg, kunst i bakgrunnen og ord å kvile i, kan sjølv vintermørkret bli lyst og varmt.
Velkomen til drop‑in‑bryllaup og fornying av ekteskapsløfte i Geiranger.
