Preiketekst: Johannes 5,31–36:
Vitne om Jesus
31 Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig. 32 Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann. 33 De sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga. 34 Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste. 35 Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.
36 Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.
Bærebjelke
Vi fann stokken under golvet her då vi skifta ut ein kabel. Under trappa opp til koret låg bærebjelken som held vekta av kyrkjerommet. Lyset openberra den latinsk skrifta på stokken: «Tolli peccata mundi Joh 1,29», og avlørte at den tidlegare var prydstokk i kor-taket.
Då Ulstein kyrkje vart reist for 175 år sidan var tømmer mangelvare på kysten. Difor gjenbrukte kyrkjebyggarane stokkar frå middelalder-kyrkja. Overleverte gamle bærebjelkar stokka dei om på for å utvide kyrkjeheimen.
«Bær verdas synder» betyr den vakre inskripsjonen på stokken. Det er døyparen Johannes sine ord om Jesus: « Sjå Guds lam som bær bort synda i verda!»
Vi trør på stokken med Johannes sitt vitnemål på veg opp til dåp, bøn og alterbord. Vitnemålet bær vekta av kyrkjebygget, vekta av våre liv, ja skal tåle vekta av all verdas smerte.
Når vi treff Jesus i dagens fortelling så har han havna i ein diskusjon, slik vi også ofte gjer. Jesus fekk det til å knake i byggverket til den religiøse elite. I forkant av vår tekst har han gjort 3 under: laga vann til vin i eit berømt bryllaup, vakt opp sonen til ein etiopisk hoffmannen, og hela ein lam ved vatnet i Bethesda, attpåtil på heilagdagen. I tillegg hadde han ført teologiske samtalar med ei kvinne frå eit anna folkeslag, rydda materialisme frå tempelplassen og snakka om Gud som sin far. Vi hadde nok enda opp i diskusjon med han vi også. For møtet med Jesus, då som no, medførte å måtte stokke om på trua sitt reisverk.
Heim
«Jeg trodde et hjem
var et lite sted,
med fire vegger
og en familie..»,
syng Astrid S på juleradioen vår, og alle som elskar «Tre nøtter til Askepott» kjenner att lengten, skjønnheita og rettferda som filmen formidlar. Askepott er foreldrelaus og overlatt til eit undertrykt og nedverdigande liv.
Men naturen, dyra og tjenestefolket hjelper henne huske kven ho er i alt slitet. Eventyret endar jo godt, og Astrid S syng for alle som konstant lengtar etter heim, skjønnheit og rettferd:
« som når noen ser deg,
og gir deg ly,
da vet du at det finst et hjem,
som ikke er et sted»
For vi forbereder oss til jul i ei såra verd der heim er ein fjern drøm for flyktningar, heimlause og sørgande. Skjønnheit som nærer vår sjel i fellesskap, musikk, og godheit vert ofte fanga av ytre krav og kommersielle interesser som narrar oss til å tru at ekte juleglede er noko vi kjøper eller perfeksjonerer oss til. Rettferd og fridom for alle verkar urealistisk under verdas mørke skyer.
Tilværets paradokser var ikkje ukjent for eit ungt par som går i håp om å nå fram før ho skal føde eit barn utanfor ekteskapet, utan fast heim, men beskytta av Josefs draumar og Marias tru. Lengten etter heim, skjønnheit og rettferd var grunnvilkår flyktning-guten Jesus kom for å opne og stokke om på som lys for verda, ly for heimlause og livets brød.
Mange vender heim til jul i desse dagar. Nokon til lysande glede, andre med klump i magen av frykt for fastlåste konfliktar og ord det er sagt for mykje eller for lite av. Lengten etter julefred og forsoning syng i hjarter som trengs å vendast mot kvarandre( Mal 4,6), og sanning som treng å skine som ei skjønn morgonstjerne i natta( 2, Pet 1,19).
Gjerningane
Guds håp reiser seg trassig.
Gud dukar bord framfor fiendar.
Etterlet ingen heimlause, men ser, gir ly og opnar heim.
Lik ei eldre kvinne som urokkeleg stryk den kvite duken.
Forfattaren Marit Kaldhol seier det slik:
den kvite duken
i dag vil eg hent
fram den kvite duken
breie han ut, legge han på bordet
sette fram brød, by inn til måltid
bere vatn til alle som tørstar
reie opp ei seng, stryke eit kinn, seie:
sov godt, sov trygt, seie det roleg
sjølv om dei trampar der ute
sjølv om dei skrik i redsle
sjølv om dei flyktar, blir skotne, ligg døde i graset
i dag vil eg gjere dette, i kveld, i natt, alle netter
den kvite duken på bordet skal lyse
i dag, i morgon, alle dagar
vil eg skape kvardagen, igjen og igjen, utrøtteleg
utføre kvardagens enkle handlingar, dekke bordet
stryke handa over duken, glatte ut rynker
gode Gud, gi meg styrke
til kvar dag å breie ut den kvite duken
i dag vil eg drage ut ein tråd
kvitare enn snø, gripe han, halde fast i han, gå ut
gå inn i den støyande byen
den brennande ørkenen, halde fast
løfte han, samle han til ein duk
reise han til eit telt, ein skuggefull stad
eit teppe til kvile for gråt, for sorg
lære barna mine at vi alle er beduinar i verda
at heimen vår er ein kvit duk, ein tråd
å binde rundt det einsame treet ute på sletta
drage han frå tre til tre
famle oss fram, halde fast
i dag, i morgon, alle dagar
sy han inn i hjartet, veve han
til eit laken, elske, føde barn
bli født sjølv
medan stormane rykker i tråden, trugar
med å rive han ut av hendene mine
men alle, alle skal det vere plass til, alle
som vil skal få kjenne at tråden held, at han ikkje slitnar
at han fører heim, forbi alle fossefall, alle farar
og heim
gode Gud, gi meg mot
til kvar dag å halde fast i den kvite tråden
i dag vil eg be: Gud, lat meg vere ein tråd i veven din
vev meg inn, knyt meg fast
lat meg vere ein tråd i teppet om skuldrene til ein som frys
i kledet sveipt om det nyfødte barnet
i kluten som tørkar blod, tørkar tårer
i livets kvite kjolar, lat meg sjå dei kvar dag
frå fødsel til fødsel
og når vinden ruskar i dei på klessnora
lær meg å stole på vinden
i dag, i morgon, alle dagar
eg vil be: vev meg inn i det skinande bildet på veggen
det vi stirer mot, gler oss over, kneler framfor
ein tråd i bildet, ein tråd som lyser i natta, alle netter
vev meg inn i himmelen, vev meg opp av jorda
i dag, i morgon, alle dagar
vere innvoven i duken på bordet, der brødet alltid står framme
brødet vinen vatnet, lær meg
å tale duken sitt språk i verda, den kvite duken
det kvite broderiet i kvardagen
lat det vere kvardagar
lat det vere dukar nok til alle bord
gode Gud, gi meg tillit
kvar dag tru og tillit til den kvite duken sitt språk
amen