Velkomen igjen etter sommaren!

Tradisjonen tru markerer vi oppstarten av haustsemesteret med ei gudsteneste der alle er velkomne. Vi samarbeider med Ulstein KFUK-KFUM om denne og det er også Ulstein KFUK-KFUM som arrangerer kyrkjekaffien på rådhusplenen etter gudstenesta.

Publisert:

Velkomen igjen etter sommaren!

Nye barn byrjar på skulen, eller i barnehage, for nokon blir det overgang til ungdomsskule eller vidaregåande utdanning. Barnekora og Ten Sing startar opp igjen og det gjer også KRIK og Speidarane. I KFUK-KFUM byrjar ein haust med samlingar på ulike grupper, basarfest og adventsfest.

Tradisjonen tru markerer vi oppstarten av haustsemesteret med ei gudsteneste der alle er velkomne. Vi samarbeider med Ulstein KFUK-KFUM om denne og det er også Ulstein KFUK-KFUM som arrangerer kyrkjekaffien på rådhusplenen etter gudstenesta. Søndagsskulen tek ansvar for eit eige opplegg for borna under preika, der forteljinga om Den barmhjertige far skal dramatiserast. Vi ønskjer velkomen til gudstenesta, men like mykje til å bli med i Korklubben, Tween Sing, Ten Sing, speidarane eller KRIK.

Vi gler oss til ein haust med mange flotte fellesskap i og rundt kyrkja. Vil du vere med i Korklubben eller Tweensing – ta kontakt med kyrkjekontoret. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"