Bryllup

Vigsel er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gitt med vitne til stades.

Ønskjer de å gifta dykk i ei av kyrkjene i Vang, ver vennleg å ta kontakt med kyrkjekontoret i Vang.

De finn informasjon om prosessen rundt vigsel i ei av kyrkjene i Vang i boksen "Informasjon om vigsel i Vang" nedanfor.

Lykke til med planlegging av vigsel og bryllaup.