Ein stor gåvesjekk frå Sparebanken Norge kom på plass rett før helga. Elles er det konsertar, ulike innsamlingar og gåve frå Bygdebok for Alversund som har sørga for finansieringa.
Det var gjort avtale med Bergen Pianoforretning om at flygelet skulle lånast ut til Alversunddagane, men no skal ikkje instrumentet tilbake til byen. Det får sin faste plass i Alversund kyrkje.
Soknerådsleiar Hildur Løkken Lillestøl fekk overlevert nøklane til flygelet. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad var også med på opninga av Alversunddagane og kunne gratulere kyrkja med nytt flygel.
Opningsgudstenesta vart leia av Hans Kenneth Sundsbø. Rune Alver kunne ta i bruk det nye flygelet og koret SingOut deltok med song.
Takk til Yvonne Jordal for flotte foto!
Foto: Yvonne | Nordhordland Tekst & Foto
Nytt flygel i Alversund kyrkje







