Møt gjengen som vil sjå glade menneske og liv i kyrkja

I ei heilt vanleg gudsteneste i Meland kyrkje er det mellom 8 og 15 frivillige medarbeidarar i sving. I tillegg til dei tilsette. Kvar av dei frivillige stiller ofte minst ein gong i månaden. Vi møtte nokre av dei søndag 27. april for å finne ut kva som er drivkrafta bak innsatsen. (Artikkelen kjem i nr 2 av Kontakt, som snart kjem i postkassane i Meland. )

Publisert:

Møt gjengen som vil sjå glade menneske og liv i kyrkja

Meland kyrkje har godt besøk med eit snitt på 119 per gudsteneste gjennom heile året. Mange gudstenester har 150-200 deltakarar. Meland lever ikkje opp til førestillinga om dei tomme kyrkjene.  

Det finst ikkje ei enkel oppskrift på å auke gudstenestebesøket, men kanskje noko av nøkkelen finst i det å ha mange i sving? Det myldrar av folk som gjer ein frivillig innsats i Meland kyrkje. Du møter dei allereie der dei står i døra og ønskjer velkomen. Andre sit med lydstyringa midt i kyrkja, er tekstlesarar og medliturgar, som leier gudstenesta saman med presten. Eller forsongarar og musikarar. Dei meir usynlege på kjøkkenet som lagar til kyrkjekaffien og ryddar etterpå.  Dei som har bakt kaker på førehand. Dåpsverten. Løva og løvegjengleiarane, som har ansvar for søndagsskulen.

Vi stilte spørsmåla – kva er oppgåva di og kva er motivasjonen din for å stille opp i det frivillige arbeidet?  Og kva gir det deg? 

På kjøkkenet står Per Arne og Kristian og brygger kaffi og har samtidig tid til den gode praten om gamle båtar og slikt. 

- Det er kjekt å bidra med noko som gjer at folk trivst i kyrkja, seier Per Arne, ikkje minst når dei får eit smil tilbake av dei som får kaffi. Og dei er samde om at det er hyggeleg å gjere dette i fellesskap og å bli betre kjent. 

Inne i kyrkja møter vi Lars Werner som er forsongaren med den djupe bass-stemma. Han også strekar under fellesskapet mellom dei som bidreg, gleda i å skape noko saman, og han veit kor mykje det betyr at nokon syng framfor forsamlinga. 

Geir er bassist i dag, og nokre gonger handterer han trommene. 

- Det er kjekt å få løfte musikken, gje andre noko gjennom musikken. For min del kjenner eg at eg kan gi Gud det beste eg har gjennom å spele, då står ikkje orda i vegen, slik dei av og til kan gjere. Det er også veldig kjekt å vere ein del av ein stor gjeng som gjer det dei er flinke til. 

Ørjan har ei litt usynleg oppgåve midt i forsamlinga der han sit med ein ipad. Men lydrigg og lydstyring er viktig for at musikken skal kome til sin rett. Ørjan seier han synest det er tilfredsstillande å setje sitt preg på gudstenesta og jobbe med dei flinke musikarane. Det er også passeleg mykje å ha oppgåva ein gong i månaden. 

- Og vi får mange gode tilbakemeldingar på musikken!

Kari er også med i gudstenesteteamet, men i dag tek ho ansvar for den eldste gruppa på søndagsskulen Løvegjengen. 

- Det var viktig for meg å ta ansvar for at det var eit tilbod for barna når mine eigne var i den alderen, seier Kari. Ho har vore med i søndagsskulen i meir enn 20 år, og drivkrafta og gleda er at barna får eit godt tilbod. 

- Det blir liv i kyrkja når det er barnefamiliar her. Det vil vi ha! 

Den første gudstenestedeltakarane møter i døra denne søndagen, er Linda. Ho er kyrkjevert, og ho har laga til stasjonar i ei bønevandring. Linda også understrekar det gode fellesskapet i teamet. Det er kjekt å gjere dette saman. Dei fleste som er med i dette gudstenestelaget, er også i same bibelgruppe og har gjerne lese søndagens tekst saman på førehand. Mange som ikkje er vane med å gå i kyrkja, blir positivt overraska når dei får kaffi på veg inn og god musikk. 

-Det er lett og ledig stemning i gudstenestene våre, og det er flinke musikarar og prestar. 

 

Tekst: Anne Sofie Uthaug, Foto: Arve Kjell Uthaug

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"