Søndag 8. juni blir det høgtidsgudsteneste i Meland kyrkje kl.11:00.
Det blir barnedåp, nattverd og kyrkjekaffi. Pinsedagen blir markert med flotte pinsesalmar, høgtidsvers, utvida Gloria og den nikenske truvedkjenninga. Tekstane for 1. pinsedag finn du nederst, sjå lenke.
Det blir også eit eige opplegg for barna: I Løvehola blir det film for dei små (under skulealder), i Kyrkjestova blir det noko for barn i skulealder.
Magnus Blom er organist, Bjørn Tore Sæle liturg, Mounir Sarhan kyrkjetenar og Regine Sagstad Berg er leiar for gudstenestelaget.
Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet lokalt. Du kan gjerne gje gåva på førehand på Vipps 54 016.
VEL MØTT TIL PINSEFEIRING!