Denne søndagen er det samtalegudsteneste med nattverd i Meland kyrkje.
Konfirmantane er med i tekst, bøn, prosesjon, lystenning og anna, og i ein eigen samtaledel. Songane er nokre av dei vi har brukt i konfirmasjonstida.
Anne Marit Fosse Dahle, Eva Kristin Dale Wessman, Ruben Sæle og Bjørn Tore Sæle er alle saman med denne søndagen. Ruben held dagens preike. Magnus Blom er med på tangentane, og det blir med forsongarar. Mounir Sarhan er kyrkjetenar og Solveig Westermoen er leiar for gudstenestelaget.
Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet.
Det er ikkje Løvegjeng denne søndagen.
Etterpå blir det kyrkjekaffi med kaker som konfirmantane har med.
VEL MØTT!
