Gudstenester i juni og juli
I juni er det fleire gudstenester i soknet vårt. 2. pinsedag er vi med på den tradisjonelle tofjellsturen saman med Eknesvågens venner. I juli har vi berre ei gudsteneste i soknet, og den er i Ostereidet kyrkje. Vi oppfordrar dykk da til å reise på besøk til andre kyrkjer. Sommaren kan vere ei fin tid til å besøke kyrkjer der ein er på ferie, eller reise til nabobygdene og samstundes verte betre kjent på stader i kommunen.
Les meir