Vil du vere med og bidra?

Me har ulike oppgåver til deg som vil vere med og bidra i kyrkja sitt arbeid. Alt frå oppgåver i gudstenesta, til språkkafè på mottaket, og til å lage kvardagsmiddag.

Vil du vere med og bidra?

Radøy kyrkjelyd ønsker å vera ei kyrkje for bygdene våre, og vil vera til stades i nærmiljøet og tilby gode fellesskap og opplevingar for menneske i alle aldrar. 

Me har allereie gode frivillige medarbeidarar som brukar sine hender, føter og sitt gode smil til å bidra til gode fellesskap. 

Det er plass til flerie frivillige, så ta gjerne kontakt om du vil vere med! 

Her nemner med noko av det du kan vere med på:

  • Kvar veke har me språkkafè på Radøytunet mottak. Her snakkar me med bebuararane over ein kopp kaffi og noko å bite i. Frivillige står på kjøkkenet og lagar til noko enkelt og godt, og sit i små grupper og pratar med menneske som ønskjer å lære seg norsk. Alle dei frivillige er med dei vekene det passar. 
  • Annakvar onsdag har me Kvardagsmiddag på Rasteplassen, Manger. Då er det frivivillge som stiller opp og lagar middagen, serverer og tar oppvasken. Alltid god stemning! Me har to team av frivillige, så kvart tema møter ein gang i månaden. 
  • Arbeid med born og unge; Her er det mykje forskjellig gøy, alt frå Lys Vaken med overnatting i kyrkja, til å vere med og hjelpe til på julevandring med barnehageborn. 
  • På gudstenestene har me kyrkjevertar som ofte er det første ansiktet ein møter når ein kjem til kyrkja. Eit godt velkommen og smil er gull verdt! 

 

Vil du vere med? Ta kontakt for ein prat! 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"