Forestillinga "Med mine øyne"

Når synet snur livet på hodet: Heidi Halvorsen kjem til Sæbø kyrkje laurdag 25.oktober kl 17.00

Forestillinga "Med mine øyne"
 

– «Med mine øyne» handlar om kordan eg som blind ser og opplever verda gjennom mine auge, fortell Heidi Halvorsen. Førestillinga er utvikla i samarbeid med Helga Samset og gjev et unikt innblikk i kordan det er å oppdage at ein mister synet. 

Det er KABB (Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte) som står bak dette prosjektet, der Heidi Halvorsen fortel, med tonefølgje frå ektemannen Torkjell.

Bakteppet er ei gryande oppdaging av augesjukdommen RP (retinitis Pigmentosa) som gjorde seg meir og meir gjeldande, og til slutt førte til at ho mista synet heilt.

Gjennom forteljing, musikk og dikt tek Heidi tilhøyrarane med inn i si verd. Vi får vera med på reisa hennar frå lys til mørke, og med Heidi som guide får vi eit unikt innblikk i kva som skjuler seg der -- av både gleder og sorger.

«Sjølv om dei færraste opplever å mista synet, har alle ei historie og sine ting i livet, som kanskje har gjort at noko gjekk tapt eller vart endra. Eg trur førestillinga er med på å skapa eit ope rom med plass til all slags livsbagasje.», seier Heidi.

Innhaldet i førestillinga utfordrar òg haldningane våre til menneske med funksjonsnedsetjingar, og kva vi kan gjera for å skapa betre inkludering i kyrkje og samfunn.

(Henta frå Når synet snur livet på hodet -)

Dei færraste opplever å mista synet i ung alder, men mange kjenner seg likevel att i ei oppleving av at livet ikkje vart slik ein tenkte og drøymde om. 

Denne tematikken vert følgd opp i Sæbø kyrkje tysdagen etter, den 28., kl.19:00. Då samtalar Gudveig K. Sundsbø og Magne Bjørndal om å leva med avgrensingar, men likevel meiningsfylt. Samtalen tek utgangspunkt i Heidi og Magne sine erfaringar med synstap, men ein treng ikkje å vera til stades på førestillinga laurdag, for å ha utbyte av samtalen på tysdagstreffet.

Sjølv om forestillinga er gratis må ein tinga billett på nettsida her: Med mine øyne - en forestilling om å se verden med blinde øyne i Sæbø kirke – 25. okt. 2025 – KABB Kirkeakademi

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"