Ei strime av von

Av biskop Ragnhild Jepsen

Publisert:

Biskop Ragnhild Jepsen. Foto: Jens Z. Meyer – Bjørgvin bispedømekontor
Biskop Ragnhild Jepsen. Foto: Jens Z. Meyer – Bjørgvin bispedømekontor

Av biskop Ragnhild Jepsen

 

Djupt i mennesket ligg vona. For sjølv om vi ikkje alltid greier å sjå det, ligg krafta likevel djupt i oss; den som gjer at vi prøver å reise oss, gå eit steg vidare, løfte hovudet.

 

Mange stader i verda møter ein denne jula med fråvær av von. I land som er råka av krig og ufred, i områda som er truga av miljøkatastrofar og dei som bur der er usikre på om det er ei framtid der - vi veit at det er mange menneske som møter julehøgtida med frykt og sorg, snarare enn med glede og von.

Og likevel - framfor jula ber mange av oss på ei von midt i det vonlause. Vi vonar at jula blir god. Vi har tankar om korleis julefeiringa skal bli, og med ambisjonar om alt som skulle gjerast, alt som skulle bakast, alt som skulle ordnast av stort og smått. Men som vi kanskje ikkje kom heilt i mål med, og vi kjenner oss slitne. Ynsket om det perfekte vart ikkje oppfylt dette året heller.

 

Men er det noko den fyrste jula lærte oss, så var det at den ikkje var perfekt, i alle fall ikkje etter vår målestokk: Eit barn fødd i ein kald stall av ei ung, ugift mor, med dyr og ustelte gjetarar som dei fyrste gjestane. Nei, det kan vel på ingen måte seiast å ha vore perfekt.

 

Jula femner om både det djupt menneskelege og det guddommelege. Den no avdøde artisten og låtskrivaren Hans-Erik Dyvik Husby sa det ein gong slik: Det er ein menneskeleg ting å falle. Men det er ein guddommeleg ting å reise seg att.

Det nyfødde barnet i krubba kom som ein vi kunne kjenne oss lik med, samstundes som han kom med oppreising og forvandling.

 

Dei to som no sit med barnet mellom hendene, Maria og Josef, som opplever dette underfulle og store dei knapt kan forstå, - dei sit med vona i fanget. For uansett kor merkeleg og usikkert alt må ha vore for dei, med eit barn som englane på himmelen seier er Guds son og med stjernetydande vismenn som seier at denne guten er ein konge; Maria og Josef har von for det nyfødde barnet!

 

Og sjølv om det meste i stallen og krubba i Betlehem er ulikt alt anna vi kan tenke oss; I dette er dei lik oss. For uansett kor vanskelege forholda er når eit barn blir fødd, om det er alt det usikre, krig, svolt, ufred eller vald; og uansett kor lite vi veit om kva framtida bringer og kor mykje frykt vi har for dagane som skal kome: Med eit nyfødd barn kjem von - om det så berre er ei lita strime.

Og slik kjem Gud til oss. Som ei strime av von. Med ljos i det aller mørkaste.

 

Jula er høgtida der vi feirar at vona vart gjeven til verda. Og at i den fyrste jula fekk verda del i bodskapen som har kraft i seg til å setje fangar fri, løyse band og bringe menneske saman. Gud deler våre kår. Jesus er saman med oss i det vi alle har til felles: Å vere barn. Å vere menneske. Å vere avhengige av andre. Å sørgje, å kjenne glede. Å bere på ei von.

 

I stallens kulde og mørke spring vona fram.

Det sårbare barnet i krubba synte seg sterkare enn all jordisk makt. Den fyrste jula var eit vendepunkt i menneskets historie. Jula er den meste løfterike av alle høgtider. Ljoset og vona er komne til verda.

 

Difor er det ein guddommeleg ting å reise seg att.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"