Dåp i kyrkja

Hovedbilde for tema

Dåp i Aurland

Dersom du ynskjer dåp i ei av kyrkjene i Aurland kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf 45875686 eller med kyrkjeverja på tlf. 95862520. Gudstenesteoversikt finn du under kalendaren på denne nettsida. Innimellom legg me til rette for laurdagsdåp, men dette vert berre nokre få gonger i året og skal ikkje erstatte dåp i oppsette gudstenester. Ta kontakt om de har spørsmål om dåp, so hjelper me dykk gjerne med det. Før dåpen vil presten avtale dåpssamtale med dykk anten heime hjå dykk eller på kyrkjekontoret.

På dåpsdagen får alle dåpsborn med seg fire ting: ein barnebibel, ein plakat til minne om dåpsdagen, eit dåpslys og dåpskluten.

Velkomen til dåp!

Jesus seier: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.(Matteus 28, 18-20).

 

Artiklar om dåp i kyrkja

Kontakt