Årsmelding 2025

Kyrkjene i Aurland

Publisert:

Årsmelding 2025

Årsmelding 2025

Godkjend av Aurland kyrkjestyre 16. februar 2026

Råd og utval

Aurland kyrkjestyre:

Aurland kyrkjestyre har i 2025 hatt 3 møter og handsama 23 saker.

Rådsstruktur

Ordninga med forenkla rådsstruktur er godkjend som fast ordning frå 01. november 2023. Sokneutvala i kvart av dei 4 sokna består av alle som stod på lista til valet.

Medlemmar i kyrkjestyret 2025:

Frå Vangen sokn: Faste: Sigrid Sønnerheim Tønnessen (leiar)og Guttorm T. Brekke (nestleiar) Vara: Liv Jorunn Vestreim og Elin Renée Aaserud

Frå Flåm sokn: Faste: Inger Lise Skjerlie og Gerd Stave Vara: Thorvald Andresen og Jorunn Heggdal

Frå Undredal sokn: Faste: Gunhild Strand Borlaug og Judit Torgersen Vara: Inger Oline Øy og Jofrid Roteigen

Frå Nærøy sokn: Faste: Svein Tufte og Ådne Ingvald Skiftun Vara: Per Ramsøy og Torunn Bakken

Kommunal representant: Fast: Kjell Bøe Bjørgum Vara: Johannes Dalsbotten

Geistleg representant: Då me ikkje har hatt sokneprest fast tilsett, so har prost Kjell Olav Høstaker Nordheim vore fast medlem.

Sekretær for kyrkjestyret: Kyrkjeverje Monica Finden

Det er ein fin balanse mellom kvinner og menn blant dei faste medlemmane i kyrkjestyret.

Sokneutvala:

Sokneutvala har i 2025 stilt opp som kyrkjevertar, med kyrkjekaffi, på dugnader og elles vore engasjert i det som gjeld deira kyrkje og sokn. Sokneutvala for Vangen og Flåm har hatt møter for bl.a. gjennomgang av gudstenesteliste, medan dei andre ikkje har hatt møter.

 

Tilsette

Staben under kyrkjestyret:

Det er ein stabil stab under kyrkjestyret, og det har vore minimalt med sjukefråvær i 2025, berre totalt 2 dagar eigenmeldt fråver og inga sjukemelding.

 

Frå hausten 2022 har Elin Mbogo-Svensson vore tilsett som kyrkjelydsarbeidar/trusopplærar på timebasis (etter eige val), og i 2025 har ho jobba tilsvarande ca. 7,5 % stilling (tot. 127 t./årsverk 1695 t.). Stillinga er eigentleg 30%.

Inger Marie Holm Hjellum har vore kyrkjetenar i Vangen og Flåm kyrkje i tillegg til sekretær med til saman 30 % stilling frå 31.07.14 og fekk utvida med reinhald i 2016 og kyrkjetenar i Undredal i april 2019, slik at ho no har til saman 48% stilling.

Monica Finden har vore kyrkjeverje sidan 01.01.08 i 80 % stilling, men auka opp til fast 100 % frå 18.08.14 då sekretærstillinga vart redusert med 30%.

Liv Marit Tufte har vore kyrkjetenar på Bakka i 7 % stilling sidan pinsen i 1996.

Tormod Underdal vore tilsynshavarar i Undredal kyrkje sidan september 2020.

Stanislav Leontev har vore fast organist sidan 08.08.08 i 80 % stilling i månadane frå mars til og med mai, og frå oktober til og med desember. I hans fråver har me vore heldige å fått Sverre Martin Volle til å vikariere i dei fleste gudstenester, gravferder og vigslar, og me har hatt nokre andre vikarar.

Anders Aasen har velvillig stilt opp på andakter/sangstunder på helsetunet både med og utan prest og Stanislav, og er løna med pensjonistløn for det.

Prestetenesta:

Det har ikkje vore fast tilsett sokneprest i Aurland i 2025, men Nora Baartvedt har vore fast vikar. Ho er framleis under utdanning og kan ikkje tilsetjast fast før ho er ferdig med utdanninga. Ådne Skiftun har vore inne som vikar hovudsakleg i andakter på helsetunet og inn mot beredskapsteamet i kommunen, men har óg teke andre tenester.

Kjell Olav Høstaker Nordheim har vore prost i Sogn prosti i 2025.

 

Forvaltninga

Økonomi og investeringar:

Den kommunale overføringa for 2025 var kr. 2.912.490 til drift og kr. 223.460 til måling av taket i Bakka kyrkje og stakittgjerdet på Bakka.

I 2025 mottok me kr. 151.033 i støtte frå kyrkjerådet/bispedømet til trusopplæringa.

Rekneskapen viser eit meirforbruk på kr. 355.131,10, men det var budsjettert med bruk av disposisjonsfond med kr. 385.923. Det er difor berre ein differanse (mindreforbruk) på kr. 30.792 i forhold til budsjettert bruk av disposisjonsfond. Det var noko differanse innafor dei enkelte funksjonane, men samla sett er det so godt som i balanse med budsjett.

Dei største kostnadane som ikkje er dekka av ekstra løyvingar frå kommunen, og so gjer at me har brukt ein del frå disposisjonsfondet, er måling av stakittgjerdet inkl. port og dører på kyrkjestova i Flåm med kr. 143.696, oppattgrusing av gangstiar på Vangen kyrkjegard med kr. 27.120, vatn og kloakk på Smevang med kr. 84.295 , klokkketårnet på Bakka kr. 19.680, og so har me måtta skifte varmestyringsanlegga både i Flåm og Undredal til ein samla kostnad på ca. 21.000 då dei var gamle og det ikkje var mogleg å få tak i reservedeler lenger. Desse kostnadane vert til saman kr. 295.791.

På den enkelte funksjonen er dei største differansane i forhold til budsjett slik:

Kyrkjeleg administrasjon (funk 4100) går samla sett nokolunde i balanse. Lønskostnader med kr. 45.000 er overført frå funk. 4100 til funk. 4410 for å få eit rettare kostnadsbilete jfr. funk. 4410. Møtegodtgjersle er 14.100 lågare enn budsjettert då det har få møter i 2025. Pensjonsinnskot er vél 10.000 høgare enn budsjettert. Internett og lisensar har samla ein diff. på 3.000 då desse utgiftene som bl.a. er IKTNH går litt «om ein annan». Straumutg. til kontoret er nesten 16.000 lågare. Dette kan skuldast at felles straumutgifter skal delast på fleire pga. kontorfellesskapet. Revisjon er vél 16.000 lågare, men skuldast berre fakturering av á kontobeløp etter nyttår i stadenfor før nyttår.

Kyrkjer felles (funk 4200) har samla sett ca. 20.000 i meirforbruk. Største differansen er vikarbruk og ekstrahjelp med ca. 13.000. Her er alle utgifter knytt organisttenester ført.

Vangen kyrkje (funk 4210) har samla sett ca. 44.000 i mindreforbruk. Dei største differansane er kjøp av tenester med 6.000 i mindreforbruk, straum med 15.647 i mindreforbruk og ca. 27.000 mindre i vedlikehold på bygg, anlegg og utstyr.

Flåm kyrkje (funk 4220) har meirforbruk på ca 7.000. Største differansane her er ca. 8.000 i meirforbruk på straum, og til saman ca. 20.000 i meirforbruk på vedlikehold på bygg, anlegg og utstyr.

Undredal kyrkje (funk 4230) har samla sett vél 42.000 i mindreforbruk. Ca. 29.000 av dette er mindreforbruk på på vedlikehold på bygg, anlegg og utstyr.

Bakka kyrkje (funk 4240) har samla sett vél 33.000 i mindreforbruk. Det største avviket her er mindreforbruk på straum med vél 10.000, medan vedlikehold av bygg, anlegg og utstyr har 228.000 mindreforbruk, men 196.000 av det går mot mindre tilskot frå kommunen og andre i tillegg til mindre bruk av fond.

Kyrkjegardar felles (funk 4300) har samla sett ca. 83.000 i meirforbruk. Avgifter og gebyr er ca. 11.000 mindre enn budsjettert. Me har ca. 29.000 meir enn budsjettert på vedlikehold anlegg. Dette er oppattgrusing av gangvegar. Driftsavtalen er ca. 25.000 høgare , knusing av gravminne 14.000 høgare og graving av graver 43.000 høgare enn budsjettert. Her er alt som vedrører kyrkjegardane inkl. bårehuset ført samla.

Trusopplæringa (funk 4410-4415) har samla sett vél 60.000 i mindreforbruk. Her er det overført 45.000 i lønskostnader frå administrasjon til trusopplæring for å få eit rettare kostnadsbilete då det er kyrkjeverja som har teke store deler av aktivitetane som ikkje trusopplærar har teke, samt at sekretær har hatt utsending av dåpshelsingar. Mindreforbruket på funk. 4413 var nesten 25.000 då det berre var 5 deltakarar på sommarleiren på Nesholmen og me delte transporten med Lærdal.

Smevang (funk 4450) har ca. 79.000 i meirforbruk. Dette skuldast i hovudsak nytt opplegg for vatn og kloakk.

 

Det er gledeleg å sjå at takkoffer både til andre og til Nye Steg er tilbake på nivået det var i 2023. For 2025 kom det inn samla kr. 45.078 i offer, og av dette var kr. 17.867 til Nye Steg.

 

Sjå ellers fullstendig rekneskap og oversikt over gåvefonda.

Kyrkjegardsforvaltninga:

Skjerdal Landskapspleie utfører alt av vedlikehald og graving på kyrkjegardane i Aurland kommune. Dei har utført jobben på ein god måte og samarbeidet har vore godt. Me får mange gode tilbakemeldingar frå innbyggjarane og andre besøkande på arbeidet dei utfører. Avtalen med Skjerdal Landskapspleie gjeld for 2025/2026, og me må difor hente inn pris i løpet av 2026 for ny 2-årsperiode.

 

Vangen kyrkjegard fekk i 2023 status som middelalderkyrkjegard etter funna som vart gjort i samband med dreneringsarbeidet. Dei eldste funna er datert til år 120-248.

Det har vore 25 gravferder i 2025, mot 13 gravferder i 2024.

Det vart gjennomført dugnader på alle kyrkjegardane i vår.

Kyrkjegardsregisteret ligg ute på nettsida, slik at alle som ynskjer det, kan finne fram til gravplassar i kommunen. Det ligg óg link til «Slekt og data» der ein kan finne informasjon og bilete av gravminne. Det aller meste av gravminne er fotografert i 2014-2016 og sende til DIS-Norge. Dei har lagt dette ut på nettet, og det ligg ope for alle til å søke på.

Vedtektene for kyrkjegardane vart sist revidert i 2014.

 

Kyrkjebygga og kyrkjegardane:

Kyrkjebygga våre er generelt i god stand.

Vangen kyrkje (1202, freda) fekk sprekkdannelsane reparert i 2021/2022. Dreneringsarbeidet var utført hausten 2022, og varevindauga på glasmåleria er skifta ut. Reparasjonane vart dekka av løyving med kr. 400.000 frå kommunen og kr. 500.000 frå RA. Me har fått til saman inntil kr. 430.000 frå Kyrkjebevaringsfondet til forprosjekt på logging av inneklima, termografering, tiltak på

hovudinngangsdøra, forsterking av preikestolen, fjerning av svertesopp på taket og retusjering/flikking på div. inventar.

Flåm kyrkje (1670, verna) hadde eit stort vedlikehold saman med reparasjonane etter flaumen i 2014. Då vart ho bl.a. heva ca. 35 cm., og arbeidet var ferdig i 2016. Klokketårnet fekk strøk nr. 2 med tjøre i 2025. Taket skal ha eit større vedlikehald, og me har fått inntil kr. 200.000 i midlar til forprosjekt. I kommunen sin økonomiplan er vedlikeholdet sett til 2026. Stakittgjerdet og hovudporten vart måla i 2025. Varmestyringsanlegget vart bytt i 2025 då termostatane hadde roke og det ikkje var mogleg å få tak i reservedeler til det som var der.

Undredal kyrkje (1147, freda stavkyrkje) vart sett i stand gjennom Stavkyrkjeprogrammet i 2014 for vel 5 mill. Då vart ho bl.a. heva ca. 30 cm.. I 2021 vart det montert videoovervaking av kyrkja. Kostnaden på vél 1 mill vart dekka Riksantikvaren. I 2022 vart stakittgjerdet og deler av kyrkja måla. Varmestyringsanlegget vart bytt i 2025 då termostatane hadde roke og det ikkje var mogleg å få tak i reservedeler til det som var der.

Bakka kyrkje (1859, listeført) vart i 2019 måla inne i våpenhuset, i 2014 vart ho delvis måla utvendig og skifta noko kledning, noko av kledningen og stakittgjerdet vart måla i 2021, og i 2023 vart heile kyrkja måla utvendig. Taket i skipet (inne) vart måla i 2025, og me fekk midlar frå kommunen til dette arbeidet.

Vangen kyrkjegard vart heva inntil 30 cm. på A- og B-feltet hausten 2024 slik at me ikkje risikerar is til midt på gravminna meir. I 2025 vart gangvegane mellom kyrkja, klokketårnet og bårehuset, samt mellom A- og B-feltet grusa opp att.

 

Aktivitetar:

I 2025 var det 44 gudstenester totalt i kommunen, mot 46 i 2024, med til saman 1.699 deltakarar (1.689 i 2024).

Det var 13 (9) barnedåpar (6 av dei busette i andre kommunar), 6 (9) konfirmantar, 8 (4) vigslar og 25 (13) gravferder i Aurland i 2025. (Tala for 2024 i parantes.) Sjå elles vedlagde statistikk.

Anders Aasen har saman med Nora eller Ådne, samt Stanislav dei periodane han er her, hatt jamnlege andakter og musikksamlingar på Aurland Helsetun.

Opplev Undredal AS har hatt drifting av guidetilbodet i Undredal kyrkje i 2025.

64,9% (1.207) av innbyggjarane (1861) i Aurland er medlemmar i Dnk. Dette er ein nedgang i forhold til tidlegare. Noko av forklaring kan vere at Aurland er ein internasjonal kommune der mange personar har flytta hit frå andre land dei siste åra, og dei er naturleg nok ikkje medlemmar i Dnk. Men me skal óg vere obs på at andelen av innbyggjarane som er medlemmar har gått ned over tid. I 2025 har det vore 1 utmeld og 1 innmeld.

Nye steg – trusopplæringa

Frå 01.01.2018 var samarbeidet om trusopplæring med Lærdal avslutta.

Aktivitetane i 2025 var omtrent som i 2024. Det er framleis enkelte aktivitetar me ikkje har pga. at trusopplærar ikkje har hatt kapasitet til å jobbe so mykje i stillinga. Både sommarleiren på Nesholmen, Lys Vaken, Tårnagent og frivilligfest har vore gjennomført i 2025. Me har óg bl.a. hatt julevandring for 1. og 2. klasse, påske- og adventssamlingar for skular og barnehagar, og 4- og 6-årssamling. Når det gjeld sommarleiren på Nesholmen, so var det 5 deltakarar frå Aurland, men i og med at me reiser på sommarleir i regi av KFUK/KFUM som dekkar heile Sogn og Fjordane, so er det likevel ein kjekk leir. Det bør likevel vurderast om ein skal setje eit minimumstal på deltakarar for å vere med, då det kostar ein del med transport og tilsette som er med frå Aurland. Buss til og frå Nesholmen delar me med Lærdal.

På skulestartsgudsteneste 24. august var det 9 spente 1.klassingar som deltok. 1.klassingane gjekk på raud løpar inn i gudstenesta og dei fekk utdelt 6-årsboka.

Me har ikkje gjennomført Vandring Gjennom Bibelen i 2025 (eit tilbod til 5. klasse på skulen i skuletida), då det berre er godkjende personar med gjennomført kurs som kan undervise i dette, og me har ikkje leigd inn nokon dette året. (Elin og Nora skal ta kurs i april 2026.)

Kor Blå (barnekoret vårt) var ikkje i aktivitet i 2025, men trusopplæraren har hatt baby- og småbarnssang både på våren og hausten. Me har håp om at småbarnssang skal gi grunnlag for å starte opp att Kor Blå etter kvart.

Det er sendt ut dåpshelsingar tilpassa til alder til alle døypte til 1-, 2-, 3- og 5-års dåpsdag. Inger Marie har ansvar for dette tiltaket. I tillegg er det delt ut 4-årsbok og 6-årsbok i gudstenester.

Nora Baartvedt har hatt ansvar for konfirmantane i 2025. Konfirmasjonsgudstenestene vart gjennomført i mai slik det brukar å vere. Me har hatt ei felles konfirmanthelg på Lyngmo i oppstarten og ein felles konfirmantlaurdag i Årdal på våren med Lærdals- og Årdalskonfirmantane. Dette var veldig kjekt. Elles har dei hatt vanlege konfirmantsamlingar delvis i Smevang og delvis i kyrkja. Me har som mål at alle våre konfirmantar skal ha vore med som medhjelparar i alle våre kyrkjer i løpet av si konfirmanttid. Dette har fungert bra, og me trur at det er positivt for dei å kjenne til alle dei 4 flotte kyrkjene våre. Resultatet er óg at mange foreldre og syskjen får sjå alle kyrkjene våre.

Frivilligfesten, der alle frivillige som har bidrege inn i kyrkja sitt arbeid var invitert, vart gjennomført i kantina på Rådhuset 27. november med 30 deltakarar. Me hadde koldtbord frå Furukroa og ei kort avslutning i Vangen kyrkje.

Kyrkja har vore aktiv med å legge ut bilete og informasjon frå arrangement på Facebook-sida vår. Slik får me raskt ut informasjon om våre aktivitetar. Oppfordrar alle som er på FB til å like sida vår «Kyrkja i Aurland». I tillegg er vår eiga nettside på kyrkja.no/aurland i aktiv bruk. Det er Inger Marie som i hovudsak har jobba med denne, og der vil det ligge både generell informasjon og informasjon om enkeltaktivitetar.

2025 har vore eit roleg og stabilt år. Framover må me jobbe for å auke oppslutnaden om gudstenester og trusopplæringsaktivitetane våre. Med stabil prestetenste over tid og andre tilsette, kyrkjestyre og sokneutvala som jobbar godt saman, so skal me få god aktivitet i kyrkjene våre.

 

Vedlegg:

1. Detaljert rekneskap for 2025

2. Årsstatistikk for Den Norske Kyrkja 2025

3. Nøkkeltal 2025

 

Aurland 16. februar 2026

 

 

_________________________________ ______________________

Sigrid Sønnerheim Tønnessen Monica Finden

Leiar kyrkjeverje

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"