Sorggruppe

Har du mista ein av dine næraste? Ynskjer du å snakka med nokon i same situasjon? Då kan kanskje sorggruppe vere noko for deg.

Publisert:

Sorggruppe

Livet kan møta oss med både gode og vonde dagar. Noko av det som er mest vanskeleg, er når ein av våre næraste døyr.

Du som vert invitert har mista ein av dine nære, og sorga og saknet du opplever, kan vere vanskeleg å vere åleine med. Gruppa er åpen for alle og det er ikkje noko tidslinje for sorg, alle er velkomne uansett kor lenge det er sidan ein opplevde tapet.

 

Me veit frå erfaring at det kan vere godt å kome saman med andre som har opplevd noko liknande som ein sjølv, på denne måten kan ein kjenne seg mindre åleine, og jobbe seg gjennom sorga med støtte frå andre.

Kvar einskild si historie er unik. Det å kunne  snakka saman, fortelje historia si, dele tankar og utveksle erfaringar, kan vere til hjelp for både deg sjølv og andre i gruppa.

I gruppa kan ein oppleve anerkjenning, forståing og støtte hjå kvarandre.

 

Sorggruppa er åpen for alle frå Lærdal, Aurland og Årdal.

Alle samlingane vert haldne i Kyrkjestova, ved Hauge kyrkje i Lærdal.

Første samling vert  4/3-2026 kl. 18.00 – ca. 20.00.

Det vert sett fram noko kaffimat og kaffi/te.

 

Greitt å vite om sorggruppe:

• Mellom 4-8 deltakarar.

• Alle har teieplikt ovanfor kvarandre.

• Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca. 8 -10 samlingar.

• Tema basert, men fleksibelt.

• Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.

• Sorggruppetilbodet er gratis.

 

Fyrste gong vil me bruke tid til å snakke om sorg og sorgreaksjonar, før me vert litt kjende med kvarandre. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil fortelje om det DU har opplevd. Etter fyrste samlinga kan det vere lettare å vurdere om du vil vere ein del av sorggruppa og fortsetje samtalene i gruppa.

 

Sorggruppa vert leia av sokneprest Wenche Lie Lysne og kreftsjukepleiar Linda Mannes.

 

Frist for påmelding 24.02.26.

 

For å melde deg på ta kontakt med ein av dei som leiar gruppa på telefon:

Wenche Lie Lysne: 99554531

Linda Mannes; 97699266

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"