Gravferd-rettleiar

Vår djupaste medkjensle i sorga. Vanlegvis vil tida etter eit dødsfall vere fylt av sorg, fortviling og mange minne. Samstundes skal de planlegge gravferda.

Publisert:

Vår djupaste medkjensle i sorga.

Vanlegvis vil tida etter eit dødsfall vere fylt av sorg, fortviling og mange minne. Samstundes skal de planlegge gravferda. For å sitje att med ei kjensle av å fått gjort ting på ein best mogleg måte er det viktig at de brukar den tida som de kjenner at de treng til planlegginga. I Aurland kan kyrkjekontoret hjelpe til med planlegging av gravferda og tenesta vert ytt til alle uavhengig av medlemskap i Den norske kyrkja. De kan óg bruke gravferdsbyrå til å hjelpe til med planlegginga eller de kan gjere det sjølve. Om de vil at kyrkjekontoret skal hjelpe dykk, so kan de ringe kyrkjeverje Monica Finden på tlf. 95862520 både i kontortid og utanom kontortid. Me avtalar då ei tid som passar for ein samtale og gjennomgang av alt i samband med gravferda.

Melding om dødsfall: Dødsfallet må stadfestast av ein lege. Skjer dødsfallet på sjukehus eller institusjon, vil dette gå automatisk. Dødsfallet vert videre meldt til det lokale politikontoret og tingretten av legen eller gravferdsbyrå.

Avtale gravferdsdag: Kyrkjekontoret må kontaktast for å avklare tidspunkt for gravferd. Det er kyrkjelova som regulerar kven som har rett til å sørgje for gravferda.

For mange er det viktig å få avtala tidspunkt for gravferda tidleg. Gravferda skal normalt gjennomførast seinast 10 virkedagar etter dødsfallet.

Om ein ikkje ynskjer kyrkjeleg gravferd, vil ein uansett ha rett til grav på gravplassen, og kyrkjekontoret vil legge til rette for at andre trussamfunn kan få ivareteke sine skikkar ved nedsetjing av kiste eller urne.

Me har ulike kyrkjelege seremoniar:

Kistegravferd: Ved den tradisjonelle gravferda vert kista etter seremonien i kyrkja ført til gravplassen for jordpåkasting og senking.

Bisetjing: Ei bisetjing er stort sett det same som ei vanleg gravferd, men utan jordfesting. Jordpåkastinga skjer her inne i kyrkja før kista vert frakta til eit krematorium.

Urnenedsetjing: Urnenedsetjing er ein enkel seremoni der pårørande kan delta, evt. med minneord, song eller liknande. Ved urnenedsetjing vert pårørande oftast følgde til grava av ein tilsett i kyrkja. Ynskjer ein at prest eller annan seremonileiar skal delta, må ein avtale dette med kyrkjekontoret.  Urna kan òg setjast ned av ein tilsett i kyrkja utan at pårørande er tilstades.  Urna skal setjast ned so tidleg som mogleg og seinast 6 månadar etter dødsfallet.

Urnegravferd: Her er seremonien lik som ei tradisjonell gravferd, men med ei urne i staden for ei kiste.

Val av grav: Val av gravplass vert føreteke i lag med kyrkjeverje. I dei tilfella der ektefelle/sambuar er gravlagt tidlegare er det oftast festa ei grav ved sidan av. I dei tilfella det ikkje er festa grav på førehand, so finn me saman ei grav som kan passe. Gjerne i nærleiken av andre avdøde familiemedlemmar, dersom dette er eit ynskje frå dykk. I Aurland er det óg ofte gjenbruk av graver frå tidlegare generasjonar.

Fredningstida i Aurland er 20 år på alle område bortsett frå 2 felt på Vangen kyrkjegard der det er 30 år. Det betyr at graver ikkje kan nyttast til ny kistegravlegging før det har gått 20/30 år. Om ein ynskjer å setje ned urne, so kan det gjerast før fredingstida er ute.

Alle som er busette i kommunen har rett til gravplass. Avdøde som ikkje var busette i kommunen kan òg verte gravlagde her. Har avdøde ein gong i livet vore busett i kommunen eller den som ordnar med gravferda er busett her, er det gratis. Elles må ein betale avgift for gravferda.

For feste av grav eller for å behalde graver som er eldre enn 20/30 år må ein betale festeavgift.

Samtale med presten: Kort tid etter dødsfallet er det vanleg å ha ein samtale med presten som skal ha gravfreda. Presten tek kontakt med dykk for å gjere avtale, men det er òg høve til å ringe sjølve dersom de vil ha tidlegare kontakt.

Ofte er samtalen i heimen til den som er død eller til næraste pårørande. Før samtalen finn stad, er det fint om de har notert ein del stikkord og årstal som er viktige for oppveksten og livet til den som er død. Det kan óg vere fint å ha bilete tilgjengeleg.

Salmar/musikk: Det er kyrkjekontoret som ordnar med organist til gravferda. Han spelar roleg musikk 10-15 minutt før gravferdsseremonien tek til, i tillegg til musikk til salmane. Det er òg mogleg for han å spele musikkstykke på kyrkjeorgel dersom dette er ynskeleg. Nokre organistar spelar óg andre instrument.

Om de vil ha solosong eller andre musikarar so må de sjølve avtale dette med eventuelle personar som skal syngje eller spele. Kyrkjekontoret kan vise til personar som tidlegare har sagt seg villig til å stille opp.

I Aurland er det som regel Thor Andresen som trykker sangarka. Det er òg høve til å nytte salmebok i staden for program om det er få personar til stades.

Annonse: Dei fleste vel å annonsere dødsfallet i ei eller fleire aviser før gravferda finn stad. Kyrkjeverja eller gravferdsbyrået kan hjelpe til med utforming av annonse.

Minnestund/båreandakt: Nokre vil halde minnestund/båreandakt før gravferda. Ei slik minnestund kan vere ei stille stund med berre familie/vener, og med open eller lukka kiste. Prest eller andre kan vere til stades dersom de ynskjer dette.

Bestilling av kiste: For å bestille kiste kan de kontakte gravferdsbyrå. Gravferdsbyrået vil køyre kista frå bårerommet til kyrkja gravferdsdagen. Gravferdsbyrået kan og bistå familien med andre oppgåver.

Blomar/pynting i kyrkja: For å ordne med blomar, kan de ta kontakt med Sogn Jord- og hagebruksskule. Dei lagar kransar, bårebukettar og dekorasjonar, leverar blomane i kyrkja og pyntar med blomane i kyrkja. Det er òg mogleg å pynte kyrkja sjølve. Dersom ein ynskjer å kjøpe blomar andre stader, kan ein det. Då leverar ein blomane i kyrkja seinast ½ time før seremonistart.

Gravferdsdagen: Det er vanlegvis dei pårørande samen med kyrkjetenar/byrå som ber kista inn i kyrkja. Tid for dette vert avtala med kyrkjekontoret.

Det er gjerne 1-2 personar, familie eller venner av den avdøde som deler ut sangark før gravferda tek til.

Alle blomehelsingar vert lesne opp av presten eller av andre etter avtale.

Dersom nokon vil sei nokre minneord i kyrkja så ynskjer presten å få vite om det på førehand.

Kransar og blomar vert i samband med kisteutberinga teke med ut på grava.

Etter gravferda har funne stad: Rett etter at gravferda har funne stad vil grava bli grave igjen. Kyrkjetenaren gjer avtale med dykk kva for kransar/blomar som skal følgje med i grava. Dei andre kransane/blomane vert plassert oppå gravhaugen. Ynskjer de å merke grava med eit trekross fram til gravstein vert sett opp, så må de bestille krossen sjølve frå gravferdsbyrået. Me vil setje denne opp.

Etter nokre dagar vil kransane og blomane på gravhaugen byrje å visne. Det er pårørande sitt ansvar å ta vekk desse blomane. Ynskjer de at tilsette skal ta vekk blomane så avtal dette med dei.

Minnesamvær: Eventuelt minnesamvær vert avtala direkte mellom pårørande og eventuelt selskapslokale. I nokre høve er presten med dersom dette er ynskje frå familien.

Gravminne: Det bør gå minimum 6 månader før gravhaugen vert fjerna og gravminne skal ikkje setjast opp før det er gått like lang tid. Dette er fordi jorda må få tid til å ”setje seg”. Vert gravminne sett opp for tidleg vil det ofte synke og verte skeivt etter kort tid.

Det er mange firma som sel gravminne. Det kan vere ein føremon å velje eit firma som monterer og har etterjustering av gravminnet etter eit års tid.

Det er forskrifter til kyrkjegardslova og lokale kyrkjegardsvedtekter som regulerer vilkår for utsjånad og dimensjonar på gravminne. Det er vanlegvis firma som sel gravminne som òg syter for å få det godkjent av kyrkjeverja. 

Festar av grava er ansvarleg for å sjå til at gravminne er forsvarleg sikra til ein kvar tid. Kyrkjeverja vil ta kontakt med festar dersom det oppstår situasjonar som gjer at gravminne må utbetrast.

Kyrkjestyret har vedteke lokale vedteker for kyrkjegardane i Aurland, desse finn de her på heimesida vår.

Kostnad: Kyrkjelydskontoret tek ikkje betalt for sine tenester. NAV kan dekke nokre av kostnadane til transport, sjå på www.nav.no.

Nøl ikkje med å ta kontakt om de har spørsmål. Det gjer ingenting om de  ringjer fleire gonger. Me vil så langt råd svare på spørsmål om store og små problem.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"