Når du opplever noko som ikkje er lov eller er slik det skal vere, kan det vere eit kritikkverdig forhold.
I arbeidsmiljølova (§2A-1) står det at kritikkverdige forhold er det som strir mot lover og reglar, mot eigne etiske retningslinjer eller allmenne normer i samfunnet.
Det kan for eksempel vere straffbare forhold, mobbing, trakassering, uansvarleg saksbehandling, misbruk av makt, korrupsjon, fare for liv og helse – eller anna uetisk oppførsel.
Er du i tvil om noko er kritikkverdig, bør du varsle.
Her kan du varsle om kritikkverdige forhold Aurland Kyrkjelege Fellesråd