Informasjon om vigsel

Hovedbilde for tema

Bryllaup i kyrkja

Velkomen til å gifte dykk i kyrkja i Aurland. Me har 4 flotte, veldig forskjellige, kyrkjer som alle gir ei flott ramme rundt ein vigsel.

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjeven med vitne til stades.

Ein vigsel i kyrkja kan vere enkel med berre brudeparet, 2 vitner og presten til stades, eller det kan vere fulle kyrkja med gjester – du kan gjere det so enkelt eller stort du ynskjer. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ynskjer det. For dei som er busette i Aurland eller der brudeparet har minst ein av foreldra sine busette her, so er det gratis å gifte seg i kyrkja. Om du ikkje har denne tilknytinga, betalar du ei avgift på kr. 6.500 (pr. 2026) for leige av kyrkja inkl. organist, prest osv..

Alle par som har gifta seg borgarleg, er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet. For dette har kyrkja ein eigen liturgi.

 

Kontakt