Tårnagentsamling

Mysterier, skattejakt, agentmat, klokketårn, oppdrag - høyrest det kjekt ut? Vi inviterer deg som går i 3. og 4. klasse til å vere med på Tårnagentsamling!

Publisert:

Tårnagentsamling

Kallar alle tårnagentar

Søndag 1. mars inviterer vi i Bremanger kyrkjelege fellesråd alle 3. og 4. klassingar i kommunen til ei Tårnagentsamling. ​
På samlinga får borna vere med på å utforske kyrkja, Bibelen, kyrkjetårnet og klokka. Tårnagentane får sin eigen agentkode og alle skal få løse oppdrag og mysterier saman. ​

Open gudsteneste

Samlinga avsluttar med ei open gudsteneste kl. 14.00. Alle som kjem hit får høyre om kva Tårnagentane har oppdaga og funne ut. Vi ynskjer føresette, anna familie, venner og fadrar velkomne.​

Påmelding

Påmelding til kyrkjelydspedagog Elisabet Voll Ådnøy innan 25.2 på epost elisabet.adnoy@bremanger.kommune.no 
Ta kontakt om du ikkje rekk fristen, så vi finn ein plass!
Send inn namn på barnet, klasse, skule og ev. allergiar/kommentarar. Treng barnet anna tilrettelegging? Ta kontakt, så finn vi ei løysing saman.​
 
Invitasjon er send i posten til alle som står i medlemsregisteret til kyrkja eller som har bedt om å få invitasjonar frå oss.
 
Samlinga er gratis. Vi oppfordrar til å samarbeide om køyring og henting av borna.​

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"