EIN SEINKVELD I KYRKJA!
Invitasjon til Lys Vaken i Fitjar kyrkje
Laurdag 15.11 kl.18:00-22:30 og sundag 16.11 kl.9:30
Hei! Har du lyst til å vere med på noko spanande? Vil du vere med på Lys Vaken?
Arrangementet heiter Lys Vaken, og mange kyrkjer rundt om i landet har dette tilbodet for dei som er 11 år. I år skal me sove heime, men vere mykje saman i kyrkja laurdag 15. november og søndag 16. november, og du er invitert til å vere med. Me startar laurdag kl. 18.00. Då skal me leike, utforske kyrkja, vere med å førebu gudsteneste og ete god mat. Du blir henta kl. 22:30 i kyrkja. Så møtest me igjen på søndag til frukost, før me øver til gudstenesta. Ynskjer du å invitere familien din, fadrane dine eller andre til gudstenesta, er det fint å gjere dette allereie no. Alle er hjarteleg velkomne til familiegudsteneste.
Lys vaken handlar om å være lys vakne for det som skjer rundt oss. Me skal være lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
Meld deg på
Snakk med dei heime og meld deg på Lys Vaken innan 13. november. Kanskje ein vaksen heime kan hjelpe med noko praktisk, som å lage mat?
Påmelding skjer på heimesida vår www.kyrkja.no/fitjar. Frivillig deltakaravgift er 100,-kr. Betal gjerne med VIPPS #23412 - FITJAR SOKN; merk med deltakarnamn.
Invitasjonen blir sendt i posten til alle som er medlemmer i Den norske kyrkja. Men alle barn er like velkomne enten ein er medlem eller ikkje. Me gler oss til å sjå deg!
Venleg helsing
Randi L Matre og Olav J Oma
