Torsdag 29.januar går startskotet for vårsesongen, og vi trur at mange vil ha glede av å høyre Dagfinn Høybråten som er gjest denne kvelden. Han har stått i mange stormar, og vil dele med oss noko av det han har lært i møte med politisk motstand og humanitære katastrofar. Det vert ein kveld med håp og tru på at det er mogleg å endre verda.
26.februar kjem Hans Eivind Riise og oppmodar oss om å «Ta sjansen på å blomstre i andre halvdel av livet!» Han nyttar enneagrammet som ein analyseredskap når det gjeld å bli kjend med dei ulike personlegdomstypane. Dette er eit felt han har undervist i gjennom mange år, og som for svært mange har ført til vekst og innsikt. Han illustrerer og døma med song og bilete.
Vårt eige kyrkjekor jobbar for tida med nordiske påskesalmar, noko som vil munna ut i ein temakveld 26.mars. Dei får med seg barytonsolist Arne Kvarven frå Bømlo, og både kjende og mindre kjende salmar vert presenterte.
Så er det berre å sjå fram til 30.april, då brakar det laus med Iver Kleive og Knut Reiersrud. Dette vert eit flott høve til å møte to av dei fremste musikarane i Noreg, og vi kan love ei stor oppleving.
Vi håpar flest mogleg i (og utanfor) bygda vil fylle kyrkja desse torsdagskveldane! Ta gjerne med deg ein ven, det er plass nok!
