Fasteaksjonen: Konfirmantar og frivillige samlar inn 17.–23. mars

I Gulene kommune kjem ein på dørene mellom 17-23. mars.  Kirkens Nødhjelps fasteaksjon har bidrege til at Tsion og Gaba har fått endra liva sine: Dei har fått tilgang til reint, rennande vatn

Publisert:

Fasteaksjonen: Konfirmantar og frivillige samlar inn 17.–23. mars

 Åsne Gullikstad Foto: Håvard Bjellan

dTsion (12) og Gaba (13) smiler breitt medan klart vatn fossar ut av krana ved vassposten ved elveleiet. Dei fyller 20-literskannene med vatn på berre nokre minutt. Det går raskt, og ikkje minst: Vatnet er reint.

For berre nokre månader sidan endra alt seg for familiane her i landsbyen Kutishafa i South Omo sør i Etiopia. Kirkens Nødhjelp har bidrege til reint vatn her. Pengar som kyrkjelydar i Noreg samlar inn i fasteaksjonen bidreg til dette arbeidet.

Vart sjuke Tidlegare måtte jentene grave med berre hendene for å finne vatn under sanden i elvebotnen. – Det tok lang tid, og vi fekk lite vatn, seier Tsion Melkamu.

Dei måtte grave hol i sanden slik at vatnet pipla opp, og deretter vente til vatnet var så klart som mogleg, før dei auste vatnet over i kanna. Nokre gonger kunne prosedyren ta halvannan time. Sidan det var lite vatn og tidkrevjande å hente, vart det lite vatn per familie. – Det kom også mange kyr som drakk på same stad. Sidan vatnet var ureint, vart mange ofte sjuke, fortel ho.

Å hente vatn er jentene og kvinnene si oppgåve her. Å bruke så lang tid på å hente vatn hadde også ein annan konsekvens for jentene: Dei rakk ofte ikkje

skulen etter å ha henta vatn om morgonen, og mista verdifull undervisning. – No som det tek så lite tid å hente vatn, rekk vi skulen kvar dag, seier Gaba Roro.

Demning Kirkens Nødhjelp starta arbeidet med å skaffe reint vatn her i 2025, saman med den lokale partnaren Action for Development (AFD). No får 190 hushaldningar med til saman rundt 1100 innbyggjarar tilgang til dette vatnet.

Systemet er enkelt, men effektivt: Ei demning og ein brønn med ein vasspost. – Dette er eit innovativt prosjekt for oss. Det er første gong i Kirkens Nødhjelps 52 år lange historie i Etiopia at vi gjer dette, fortel Gedewon Teka, vassekspert ved Kirkens Nødhjelps landkontor i Etiopia.

– Som regel kjem det regn i to månader, så ikkje meir. Elles i året er det tørt på overflata i elveleiet, slik at folk måtte grave etter vatn under bakken. Det vatnet er ikkje reint. Vi laga ei demning slik at når regnet kjem, stansar vatnet her, seier han og peikar mot demninga.

Demninga held tilbake vatnet som kjem i den korte regntida, og vatnet spreier seg i alle retningar. Fire–fem meter unna er det bygd ein brønn som ligg lågare enn elva, og vatnet blir filtrert inn i brønnen gjennom sand og jord. Ei handpumpe er montert på vassposten. – Sand og jord er eit perfekt filter. Mikrobar blir fjerna når vatnet blir filtrert gjennom sanden, og vatnet blir klart. Dette er reint vatn. Og vatnet er tilgjengeleg heile året her no, seier Gedewon.

Tørka ut Reint vatn har enorme ringverknader for heile samfunnet, fortel Gedewon. Han trekkjer særleg fram to ting: – Når folk får reint vatn i landsbyen på denne måten, sparer jenter og kvinner tid. Det gjer også at folk held seg friskare. Pengar dei kanskje brukte på medisinar før, kan dei spare no. Når dei er friske, kan dei også jobbe meir og gå meir på skulen, seier han.

No som systemet er etablert, har Kirkens Nødhjelp og AFD overlate drifta til ein lokal vasskomité. Gedewon Teka fortel at forankringa i lokalsamfunnet og hos dei lokale styresmaktene er svært viktig for Kirkens Nødhjelp og partnarorganisasjonane. – Det er viktig at lokalsamfunnet har eit eigarskap til prosjektet, og det har dei viss dei bidreg. Når vi trekkjer oss ut, held dei det i gang vidare. No seier folk i lokalsamfunnet her at denne demninga er deira, seier Gedewon Teka.

 

FAKTABOKS

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er:

· Noregs nest største bøsseaksjon etter TV-aksjonen. Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

· Over 40 000 frivillige bøsseberarar frå om lag 1200 norske kyrkjelydar i heile landet.

· To veker før påske. Aksjonsdagane i 2026 er 22.–24. mars.

· Temaet er: Håp i ein drope vatn.

· I 2025 blei det samla inn om lag 36 millionar kroner.

Etiopia

· Kirkens Nødhjelp har vore til stades i Etiopia sidan 1974.

· Plassering: Aust-Afrika, på «Afrikas horn».

· Innbyggjarar: 132 millionar.

· Hovudstad: Addis Abeba.

· Religionar: Etiopisk-ortodoks kristendom, protestantisk kristendom, islam, lokale religionar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"