Konfirmantarbeid hausten 2025 – våren 2026
Plan for samlingar og aktivitetar
Samlingane vil som oftast vere på Dalsøyra samfunnshus.
Vår 2026
-
26. januar: Undervisning 18.00-21.00 Dalsøyra
-
Tema: Kven er Gud?
-
Gruppesamtale: Korleis snakkar vi med Gud?
-
-
4. februar: Temakveld 18.00-20.30 Dalsøyra
-
Tema: Kropp og seksualitet
-
- 13.–15. februar: Konfirmantleir på Alværa, saman med Solund og Masfjorden
- 18. februar: Samtalegudsteneste i Gulen kyrkje kl. 19.00 (oppmøte kl. 18.00)
-
14. mars: Konfirmantfestival Knarvik
-
16. mars: Temakveld og inspirasjon for fasteaksjonen i samarbeid med Kirkens Nødhjelp 18.00-21.00 Dalsøyra
-
Tema: Faste, diakoni og solidaritet
-
-
25. mars: Konfirmantfest 18.00-21.00
-
15. april: Fellessamling Dalsøyra 18.00-21.00
-
Tema: Psykisk helse
-
20. april: Øving i Brekke 18.00-21.00
-
-
Tema: Nattverd – meir enn mat?
-
Konfirmasjonsdatoar
-
Laurdag 25. april – Byrknes bedehus
-
Laurdag 2. mai – Gulen kyrkje
-
Laurdag 9. mai – Brekke kyrkje
Leiarar i konfirmantarbeidet
-
Maren Daae Eide
-
Håkon Kinsarvik
Kva skal konfirmantane lære?
Etter konfirmasjonstida skal konfirmantane:
📖 Kunnskap og utanatlæring
Kunne utanat og forstå:
-
Trusvedkjenninga
-
Fadervår
-
Joh 3,16 (den vesle bibel)
-
Misjonsbefalinga (Matt 28,18–20)
-
Kjærleiksbodet (Matt 22,37–39)
-
Joh 14,6 (Eg er vegen, sanninga og livet)
-
Den gylne regel (Matt 7,12)
-
Velsigninga
Kjenne til og kunne forklare:
-
Skapinga
-
Noah og pakta
-
Moses og utferda frå Egypt
-
Dei ti boda
-
Juleevangeliet
-
Påskeevangeliet
-
Pinsedagen
-
Den bortkomne sonen
-
Den barmhjertige samaritanen
-
Salme 23, Salme 139 og Rom 8
🔥 Pinse og Den heilage ande
Sjå samanhengen mellom dåp, konfirmasjon og kyrkja si oppgåve i verda.
💬 Tru og refleksjon
Snakke om kva bibeltekstar seier om Gud og livet, og dele eigne tankar og kjensler om tru, von og tvil.
⛪ Deltaking
-
Delta i gudstenester (minst 8) og oppleve bønn, nattverd og diakoni.
Struktur på undervisningskveldane på Dalsøyra
-
18.00 Velkomst og leik
-
18.30 Undervisning
-
19.00 Pause
-
19.10 Undervisning
-
20.00 Matpause
-
20.15 Leik
-
20.45 Avslutning med bøn og enkel liturgi
-
21.00 Slutt
Gudstenester og diakoni
-
Konfirmantane deltar på minst åtte gudstenester.
-
To besøk på bu- og omsorgssenter (spele spel, lage mat, samtale eller vere med på andakt).
-
To gonger ministrantteneste i løpet av året.
Ministrantteneste
Konfirmantane får opplæring og brukar konfirmantkappe. Oppgåver kan vere:
-
Bære lys og kors
-
Hjelpe under nattverden
-
Lese bøner eller tekst
-
Styre skjerm/teknikk
Pedagogiske verktøy
-
KonfLogg: eigen bok der konfirmantane kan notere, reflektere og følgje med på oppgåver.
-
Bibelen: brukast aktivt både til forteljingar og samtalar.
Vi samarbeider tett med Frivilligsentralen, helsesjukepleiarane og kommunen. Samlingane tek opp viktige tema som kropp, seksualitet, grenser, psykisk helse og rus. Målet er å knyte saman tru, livsmeistring og fellesskap.
