Kyrkja i Kvam inviterer til soveposekonsert for born i barnehage-alder omlag kvart 3. år. Konserten passar best for born under skulealder, men alle er harteleg velkomne! Arrangementet er gratis!
Forrige konsert var i februar 2017, der Ingelinn Strømme Sivertsen hadde med seg Rolf Seldal (trommer), Vidar Sangolt (bass), Audun Galtung (fiolin/piano) og Bjørnar Sangolt (gitar).
Dei fekk høyra forteljinga om Veslegut, henta frå boka "God Natt" (Vegard Markhus), samt eit knippe kjente og kjære godnattsongar. Barna fekk ha med seg sovepose, pute, pledd eller ein kosebamse, samt ein vaksen dei ville ha med seg. Borna fekk bollar og sjokolademjølk.