LysVaken helg i Hauge kyrkje

Har du som går i 5. klasse lyst å vere med på noko spanande? Det er nemleg klart for LysVaken i Hauge kyrkje 🌟

Publisert:

LysVaken helg i Hauge kyrkje

Me samlast fredag 28. november klokka 18.00 i Hauge kyrkje.

Då skal me bli kjende, leike, synge, danse, ete pizza, førebu oss til gudstenesta og sist men ikkje minst – overnatte i kyrkja! Me gler oss til å gå inn i adventstida med deg. 😊

På laurdag et me frukost, pakkar saman og reiser heim klokka 10:00. På søndag møter me attende i kyrkja klokka 15:30, for å gjere dei siste førebuingane til:
LYS VAKEN-GUDSTENESTE i Hauge kyrkje søndag 30. november klokka 16.00.
Det vert «kyrkjegløgg» og peparkaker etterpå. Då vert lysa på stallen bak kyrkja tent! ⭐

Påmelding seinast måndag 24. november. Det er gratis å delta.
Alle 10-åringar i Lærdal er hjarteleg velkomne til å delta på LysVaken. Du finn invitasjon og påmelding i vedlegget nedst på sida her. Invitasjonen er sendt til dei som er innført som døypte i medlemsregisteret, men alle er velkomne. Har du ikkje fått invitasjon so kan du kontakte Karoline Thyri på e-post: karoline.thyri@laerdal.kommune.no eller tlf. 977 90 771

Hjarteleg velkome!⭐
Beste helsing alle oss i kyrkja i Lærdal.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"