Han har spelt i korps frå han var 9 år gamal. Spele gjer han framleis, og trivst godt i slagverkgruppa i Valdres Brass Band.
Avisa Valdres skreiv denne artikkelen da tilsettinga var klar
Vi let Geir sjølv fortelje om vegen inn i prestetenesta:
«Eg byrja å studere teologi ved Universitetet i Oslo i 2010 og fullførte som teolog i 2016. allereie fleire år før teologistudiet, oppdaga eg at eg treivst med arbeid i kyrkja, og har hatt stillingar som barne- og ungdomsarbeidar, kyrkjetenar, sekretær og trusopplærar. Det var også fint å kunne bruke ledige stunder, feriar og helger i studietida som prestevikar, og var både i Sør-Østerdal og Valdres med kortare vikariat.
Jobben i Nord-Aurdal verkar spennande på mange måtar, som sokneprest saman med ein dyktig og passe stor stab. Eg er glad i det varierte ved prestetenesta og det varierte gudstenestelivet som kyrkja kan by på.
Ei kyrkje for alle
For meg er det viktig at alle får møte ei kyrkje som ikkje definerer dei "innanfor" eller "utanfor". I samtaler, konfirmantsamlingar, dåp, vigsel og gravferd ønskjer eg å opne kyrkjerommet, gudsbileta og sakramenta for fleire».
Farfaren til Geir har bidrege sterkt til tenesta han skal gjere i Nord-Aurdal. Lars M. Wiknes var byggmeister så dei reiste Aurdal Fjellkyrkje på Aurdalsåsen (vigsla 1966, eigd av ei stifting) og då Ulnes kyrkje vart sett i stand og fekk nytt golv, sakristi og våpenhus på 1950-talet. Nå er det barnebarnet som skal ha dei som arbeidsrom.
Geir Wiknes ser fram til å bli enno betre kjent i bygdene i Nord-Aurdal, treffe mange flotte menneske, samarbeide med lag, foreiningar, kommune og ulike institusjonar, og tene og utvikle kyrkja saman med både kollegaer, folkevalde og frivillige.
Når den nye soknepresten ikkje er på arbeid likar han seg godt i fjellet, men også langs vegen, for å sjå nye stader. «Om eg kan få besøkt ei gamal kyrkje, ein historisk stad eller sjå noko fint, er det ein bonus», seier han.
Geir Wiknes startar i stillinga som sokneprest i Svenes, Tingnes og Ulnes sokn 1.august 2025.
Vi ønskjer lykke til i den nye tenesta. Velkome til oss!