Diakonal busstur med kyrkja vår

Det vart ein minnerik og inspirerande diakonal busstur til Osterøy onsdag førre veke. På denne turen fekk vi  høve til å vere saman i godt fellesskap.

Publisert:

Diakonal busstur med kyrkja vår

Arne Martin Engelsen fortalde oss om Osterøy og vi fekk god informasjon om kor viktig historisk øy Osterøy er.

Turen starta med eit besøk på Havråtunet, der vi utforska historie og kultur. Etter ei lærerik oppleving, fekk vi servert herleg medbrakt lunsj frå Rosmarin kafé. Vi fekk nyta gode samtalar i godt selskap.

Deretter gjekk turen vidare til legendariske Hamre kyrkje med omvising. Besøket vårt vart avslutta der med ei andakt ved Knut Kaldestad.

Den hyggelege og trygge bussjåføren vår sørgde for ei komfortabel reise vidare til Raknestunet. Der fekk vi servert herleg middag og kaffi. På vegen heim  bidrog alle saman til ein stemningsfull tur. Vi song saman, og hadde lynlotteri med premiar, noko som fylte bussen med glede. Ein fantastisk dag som både styrkte fellesskapen og gav oss minne for livet.

Takk for turen, så ser vi fram til neste busstur neste år!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"