Fullt hus på basar

Det vart ein triveleg og stemningsfull ettermiddag då Fjell kyrkje inviterte til årets basar. Kyrkjelydssalen var fullsett, og både store og små fann vegen til kyrkja for å vere med på ei hyggeleg stund med song, kaker og fellesskap.

Publisert:

Fullt hus på basar

Basaren var arrangert av basargruppa som består ei trufast gjeng med frivillige damer. Det hadde blitt lagt ned mykje arbeid i førebuingane. Dei hadde mellom anna baka eit rikt utval av kaker og bollar, og under basaren vart kaffikoppane flittig fylte på medan praten gjekk livleg rundt borda.

Fjell barnekor, med organist Solveig Karoline Vik som dirigent og Eivind Kausland Lie på piano, opna basaren med kjekke songar. Under ei av songane fekk publikum vere med, både med song og bevegingar. Det skapte mange smil i salen.

Etter songen heldt Søgnie Nilsen ei kort andakt, der ho mellom anna snakka om eit sitat i Bibelen: "Se flodhesten! Jeg har skapt både den og deg." Ho hadde med ei stor flodhestbamse som skapte engasjement hos barna. 

Så var det tid for åreutlodning, og spenninga steig i takt med talropinga. Barna fekk vere med og dele ut premiane, noko dei gjorde med både iver og smil. Det vart fleire rundar med årer før kvelden vart avslutta med hovudutlodninga til loddbøkene, der fleire flotte premiar fann nye eigarar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"