Kreativt gjenbruk og nye perspektiv

Denne våren har det alt vore fleire innhaldsrike temakveldar i Fjell kyrkje. Vi har mellom anna fått høyre om kreativ redesign og berekraft, og møtt diktaren Jakob Sande gjennom ord og forteljingar. Temakveldane gir rom for både læring, ettertanke, gode samtalar og kveldsmat rundt bordet.

Publisert:

Inger Nelly Skoge hadde temakveld om redesign og gjenbruk
Inger Nelly Skoge hadde temakveld om redesign og gjenbruk

Det var både inspirasjon og skaparglede i lufta då Inger Nelly Sokge viste fram klede frå si eiga redesign-verksemd. Plagg som elles kunne ha blitt kasta, hadde fått nytt liv gjennom kreativt handverk: Jakker var blitt til kjolar, og bukser var forvandla til nye jakker.

Gamle dukar med vakre broderi fekk ei ny framtid som barneklede, og stoffrestar frå gardiner, telt og tepper vart trylla om til dei finaste, berekraftige handlenetta. Publikum lét seg imponere av både ideane og resultata. –Her er det eigentleg berre fantasien som set grenser, fortalde Inger Nelly.

Morten Lystrup gav også tankevekkjande undervisning om forbruk. Vi lærte mellom anna at det globale klesforbruket er enormt og prega av ein «bruk-og-kast»-mentalitet driven fram av fast fashion, eller hurtigmote. Produksjonen av klede har dobla seg sidan år 2000, og overstig no 100 milliardar plagg kvart år.

Nokre nøkkeltal for globalt klesforbruk:

  • Produksjon: Over 100–150 milliardar klesplagg vert produserte kvart år.

  • Forbrukstakt: I dag kjøper folk 60 % meir klede enn for 15–20 år sidan, men beheld dei berre halvparten så lenge.

  • Avfall: Om lag 92 millionar tonn tekstilavfall vert generert kvart år, og det meste endar på søppelfyllingar eller vert brent.

  • Utslepp: Klesindustrien står for 8–10 % av verdas totale klimagassutslepp – meir enn alle internasjonale fly- og skipsreiser til saman.

  • Vassforbruk: Bransjen bruker enorme mengder vatn, anslått til mellom 79 og 215 billionar liter kvart år.

Verkeleg noko å tenkje over – og handle på. Som Morten sa: "Alle monnar dreg".

Onsdagar i Fjell

Onsdagane i Fjell kyrkje har vorte ein møteplass for både nysgjerrigheit, læring og fellesskap. Her får folk høve til å utvide horisonten gjennom temakveldar om ulike emne.

Tidlegare har kveldane mellom anna handla om redesign og miljøvern, banning og bøn, Volodymyr Zelenskyj, salmesong frå Taizé og kristenretten sine spor i kulturen. Temaa spenner vidt, men felles for dei alle er ønsket om å gje rom for refleksjon, kunnskap og tru.

Og kanskje like viktig: fellesskapen rundt bordet. Kveldane byr også på enkel kveldsmat, gode samtalar og hyggelege møte mellom menneske.

en mann sitter ved et bord og skriver, en annen står ved siden av, begge ser mot kameraetUnder planlegginga: Knut Kaldestad saman med Reidar Ådnanes. Temakvelden "Banning og bøn - naud og nåde" 4. mars, som gav oss nokre glimt inn i diktinga til Jacob Sande, var populær og trakk fleire menneske til kyrkja. 

Fleire kyrkjer arrangerer liknande samlingar, og saman har dei laga brosjyren «Vaksenundervisning». Ta gjerne med deg eit eksemplar neste gong du er innom kyrkja di.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"