Det er kantor Solveig Karoline Vik som tek initiativ til og leier det nye koret. Første øving blir 15. april kl. 12.30-14.00, og alle som likar å synge er hjarteleg velkomne, enten ein har sunge mykje før eller berre har lyst til å prøve.
Repertoaret vil bestå av kjende og kjære songar frå ulike tider, og på øvingane blir det lagt vekt på både songglede, gode opplevingar og eit inkluderande fellesskap. Det blir også tid til ein kopp kaffi og ein god prat.
