Før konserten samla små og store seg til ein triveleg pølsefest inne i kyrkjelydssalen. Det var god stemning rundt borda, og praten gjekk lett medan pølser og brød vart servert. Dette vart ei fin opplading til kvelden, og ein sosial start som sette alle i godt humør.




Det blei ei ettermiddag fylt med songglede, dans, flotte prestasjonar og mykje engasjement frå både små og store. Kantor Solveig Karoline Flekstad Vik leia konserten som konferansier med glimt i auget.
Først ut var Landro barne- og tweenskor. Fleire av jentene song solo, og dei gjorde ein strålande jobb! Eit livleg band med Morten Vik på trommer, Roger Eidem på bass og Eline Olsen på piano/elpiano skapte god stemning. Bodil dirigerte koret med stødig hand.





Barna i benkeradene kosa seg, og applausen var stor etter kvar einaste song. Det var tydeleg at både deltakarar og publikum sette pris på opplevingane.
Fjell barnekor deltok også med stor innleving. Under leiing av dirigent Karianne Bergerud og med Eivind Kausland Lie på piano, framførte dei songar som fekk heile rommet til å smile.



Midt i konserten heldt sokneprest Per Hjemdal ei kreativ andakt. Med hjelp av ein meterstokk illustrerte han historia om den lamme mannen som vart boren til Jesus. Ei levande og sterk forteljing som fanga merksemda til både barn og vaksne.





På slutten samla alle barna i kora seg framme i kyrkja og sang fellesnumme med stort engasjement. Til slutt var det Kahoot-konkurranse, der premien var seigemenn. Etterpå vart det servert is til alle barna.
Ein stor takk til alle som bidrog, både på og bak scena! Takk til Torstein Fjærende for god lyd, og til alle som var med og gjorde dette til ei kveld å hugse.