Med seg denne kvelden hadde dei Øygarden kyrkjebrass, eit samarbeid som understreka det musikalske samhaldet i kyrkja. Sørheim, som starta koret i si tid, har vore ein bauta og drivkraft heilt sidan oppstarten.
46 år med song: frå LP-plate til direktesendt salmesong
Sotra Reviderte har vore ein sentral del av det lokale kulturlivet i snart fem tiår. Frå starten, der ingen under 30 fekk vere med, til eit kor som i dag nesten berre består av pensjonistar, har reisa vore både mangfaldig og minneverdig.
Dei har vore med på mykje. Alt frå tv-gudstenester og NRK sitt Salmeboka minutt for minutt (01:58 inn i epsioda), til turar i Austerrike, Spania, Irland og England. Dei har sunge i dei fleste kyrkjene i Bergen og reist Vestlandet rundt med konsertar. I tillegg har dei vore del av fleire samarbeidsprosjekt med andre kor gjennom Kyrkjesongarforbundet.
Eit høgdepunkt frå tidlegare år var utgjevinga av ei LP-plate, noko som resulterte i ein velfortent kulturpris. Dei har òg hatt fleire opptredenar på både NRK og TV, og har fått dele si songglede med heile landet.







Ein rik tradisjon – og ein varm takk til dirigenten
Sotra Reviderte har gjennom åra bygd opp sterke musikalske tradisjonar i kommunen. Arrangement som Evensong om hausten, Vi syng jula inn, julekonsertar og sommarkonsertar har vorte faste og kjære innslag for mange.
Konserten i Fjell kyrkje denne junikvelden vart både ei feiring og ei takking, til publikum, medlemmane, og ikkje minst til dirigenten sjølv. Olav Sørheim fekk ståande applaus frå kyrkjelyden, og vart heidra med blomsterhelsingar frå både soknerådet, koret og kyrkjebrassen. Ei varm takk for eit liv dedikert til musikk og formidling.
Etter konserten vart alle inviterte til kyrkjekaffi med kake og gode samtalar. Dette vart ein sosial og triveleg avslutning på ein minnerik kveld, og på eit kapittel som vil bli hugsa lenge.