Vi fekk ein veldig fin tur saman og mens vi gjekk utover fekk vi lokalkunnskap om området vi var i. Vi var 10 stykk frå kyrkjelyden som lot litt ruskever vere ruskever, kledde oss godt og tok turen heilt ut til varden. Det var veldig godt å få kome seg ut i naturen og det å gå saman med andre er sosialt. Tema for samtale vert endra når miljøet vert endra, og det er kjekt å snakke med andre enn dei ein vanlegvis ville snakka med på kyrkjekaffi. Nye relasjonar vart skapt!




Etter litt kaffi, kjeks og bollar ved varden ville nokre snu, mens andre ville gå for å sjå jettegrytene. Godt vi hadde folk med lokalkunnskap med oss! Men vi fann dei. Eit heilt fascinerande naturfenomen. Naturen lagar historie og opplevingar. Vi hadde ein veldig fin tur og på veg tilbake vart allereie neste tur planlagt, men til eit nytt mål.
Takk for turen!
Helsing diakoniutvalet i Landro
Synnøve Elvina Engelsen