Påskemåltid skjærtorsdag

Velkomen til påskemåltid i Landro kyrkje skjærtorsdag kl. 17. Gjennom bibelforteljingar, symbol og mat får vi oppleve påskeforteljinga med alle sansar, frå utgangen av Egypt til Jesu oppstode. Det er avgrensa tal plassar, så meld deg på for å sikre plass.

Publisert:

Første påskedag. Jesus står opp. Fra altertavle i Lillestrøm kirke.

På skjærtorsdag samlast vi til påskemåltid i kyrkja. Vi set av god tid til eit måltid med meining, der vi gjennom sansane våre – ved å høyre bibelforteljingar, sjå symbol, kjenne duftar av ulike rettar og smake på maten – får vere til stades i frelseshistoria.

Jødane har feira dette måltidet sidan utgangen av Egypt. For oss som kjenner Jesus som frelsaren og den store utfriaren frå syndas og dødens makt, får påskemåltidet ein ekstra dimensjon.

Vi byrjar ved eit vakkert dekt bord kl. 17. Saman blir vi med på reisa til Israelsfolket ut av slavekåret i Egypt, før vi går vidare inn i påskeforteljingane – frå palmesøndag til påskedag. Samlinga blir avslutta med nattverdfeiring.

Sidan det blir servert middag, treng vi påmelding (sjå under). Dei 30 første som melder seg får plass. Pris: kr 150 per deltakar.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"