Kvar mandag gjennom heile dette skuleåret har 26 elevar i 7. steg på Landro skule vore med på God Nok.
På God Nok vekslar vi mellom samlingar med leik, felles måltid, grilling, og aktivitetar ute og inne i kyrkja. Vi har også samtalegrupper på skulen med tema som følelsar, søvn, venner og anna denne aldersgruppa er opptatt av. Arbeidet er leda av helsesjukepleiar Charlotte Jørgensen og diakon Synnøve Elvina Engelsen.
Målet med God Nok er å styrke, utruste og hjelpe dei i å stå støtt i deg sjølv. Stå i sitt val, og reflektere over sine eigne og andre sine kjensler. Opplevinga av at dei er ein del av eit fellesskap. Dei er god nok! I God Nok skal dei få erfare at dei betyr noko for andre, og at andre er også viktig for dei.