Dette døgnet er målet at det skal vera ein eller fleire personar som ber til ei kvar tid på kyrkjeloftet på galleriet i Blomvåg kyrkje. Her kan du bli med! Vi treng mange som kan ta ansvar for ein eller fleire halvtimar. Det inneber å sitte på kyrkjeloftet og be stille eller høgt. Her ligg det også tips og emner du kan be for. Om du vil bli med kan du registrere deg i skjemaet på denne lenka.
Alle som vil er velkomne til å delta, og du kan også kome innom når som helst dette døgnet utan å melde deg på. Heile dagen blir det open kyrkje og det er vertar som tek i mot deg. Bak i kyrkja er det rigga til ei bønevandring med ulike postar som det går an å bruke. Det går også an å berre sitje i kyrkjebenken og be så kort eller lenge som du ønskjer.
Denne dagen er det fleire fellessamlingar ein kan vere med på:
- Morgonmesse med frukost kl. 06.30.
- Familiesamling med andakt og bønn tilrettelagt for barn kl. 17.00.
- Lovsongssamling kl. 20.15.
Kom og bli med!
Les meir om initiativet på www.helenorgeber.no, her kan du også sjå på kartet kvar det blir bedt dei enkelte dagane.
