Gudstenesta vart leia av sokneprest Espen Tveten, som denne pinsedagen tala om Den heilage ande og den mektige hendinga som fann stad i Jerusalem for to tusen år sidan. Han minna oss om korleis Anden kom over læresveinane med kraft og mot, og korleis 3000 menneske vart døypt og lagt til fellesskapet denne dagen. Espen løfta fram korleis den same Anden framleis verkar blant oss – i kvardagen, i fellesskapet, i bøn, og i menneskemøte.
Nokre var ved Gløvrebu for aller første gong og uttrykte stor begeistring over den flotte staden. Og mange gjekk gjennom gløvro på veg tilbake til bilane sine, noko som ei naturoppleving i seg sjøl.


