Diakoni og omsorg

"Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste", dette er visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja.

Kvart år vert det arrangert basar av Småprat i mai.
Kvart år vert det arrangert basar av Småprat i mai.

I Hjelme og Blomvåg sokn er det Ellen Ebbesvik som er diakonimedarbeidar.

Kyrkja driv eit diakonalt arbeid i kommunen, på ulike område: treff, besøksteneste, innvandrararbeid via Frivillighetssentralen, gjennom «Språksprell». Me har samarbeid med dei andre sokna i kommunen. Me arrangerer temakveldar, sorg/samtalegrupper, og samlivskurs. Mange frivillige er med i denne tenesta.

Eldretreff

Treffa finn stad i Hjelme kyrkje 2. torsdag kvar månad kl. 11.00-13.00, og på Tednebakkane omsorgsenter 2. tysdag kvar månad kl. 16.30. Ofte har me gjestar utanfrå kommunen som bidreg med program. På desse samlingane vert det servert middag og ein har ei samling om Guds ord med tale, song, vitnemål og andre innslag. Det vert og rikeleg tid til sosialt fellesskap der ein kan treffe gamle kjente eller knyte nye kontaktar. Samlingane er opne for alle som ønskjer og har anledning til å vera med. Ein kan komme på alle samlingane sjølv om ein ikkje høyrer til i den kyrkja føremiddagstreffet er. 

Besøkstenesta

Besøkstenesta  er viktig. Mange menneske er mykje åleine, og treng nokon å snakka med innimellom. Då kan dei ta kontakt med diakonimedarbeidaren eller kyrkjekontoret. Me har også nokre frivillige som er med i denne tenesta som du kan få besøk av. Kanskje er det DU som skal vera med på dette? Me treng fleire frivillige, så berre ta kontakt! Les meir om besøkstenesta her.

Småprat - med noko attåt

Her er det plass for alle. For deg som ønskjer å sitte og prate, og for deg som vil strikke, hekle eller gjere andre hobbyar. På småprat er det ingen krav om å stille med verken det eine eller andre. Kom som du er og det er nok for fellesskapet. 

Kveldane blir med låge skuldrer. Det blir servert te og kjeks, det blir kanskje ei lita utlodding og nokon enkle kveldstankar som avslutning på samværet.

Velkommen til uformell samling på kyrkjekontoret på Rong, fire tysdagar i semesteret kl. 18.30-20.30. Sjå datoar på skjerikyrkja.no

Livets lys - eit fellesskap for alle utviklingshemma i alle aldrar i heile kommunen

Livets lys er ei samling på to timar der vi først samlast i Foldnes kyrkje der vi mest syng saman og for kvarandre. Alle kan gripe mikrofonen og synge, spele eller dele noko med dei andre. Etter samlinga er det kveldsmat. 

Les meir om Livets lys her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"