Gudstenestelivet i Hjelme og Blomvåg

Det er mange som deltek på gudstenestene i Hjelme og Blomvåg, både som deltakarar og frivillig medarbeidarar. Me har også flinke uløna medarbeidarar som deltek i gudstenestene.

Det er fullt i kirken under en gudsteneste, barn sitter, står og ligger på teppet i midtgangen. fremme står tre forsangere, og presten står inne i alterringen.

Gudstenester

Det er gudsteneste kvar søndag i Hjelme og Blomvåg sokn kl. 11.00, vekselvis i Hjelme og Blomvåg kyrkjer. Oversikt til ei kvar tid finn du på skjerikyrkja.no. Me ynskjer at gudstenestene skal vere ein møteplass der menneske kan treffe kvarandre og der menneske kan møte Gud. Det er verdifullt å kunne sette av litt tid i ei travel veke til å gå i kyrkja. I gudstenestene har me ofte dåp og nattverd, og me har også kyrkjekaffi.

Sprell levande gudstenester

Fleire gongar i semesteret arrangerer vi Sprell levande gudstenester. Målet er å skape familiegudstenester som blir ei flott oppleving for store og små. Her er det ofte korsong, drama, opning av skattkista, bønevandring og kyrkjekaffi. Desse gudstenestene er populære og mange menneske er involvert i gjennomføringa.

Tednebakkane

Kyrkja besøker Tednebakkane omsorgssenter annakvar tysdag kl. 10.30. Som oftast er det organisten og presten som kjem på besøk. Me har enkle møte med andakt, song og bøn. Iblant har me også nattverd. Samlingane er opne for bebuarar og alle andre som er interesserte.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"