På denne T-dagen er det toåringane (fødde i 2024) og deira storfamilier, som er særskilt inviterte.
Program
- Oppmøte og registrering på parkeringsplassen nedanfor kyrkja
- Vandring langs Kyrkjevegen nesten fram til Dagsturhytta før vi snur og går tilbake
- Siste stasjon er i kyrkjerommet i Foldnes kyrkje.
- Vi avsluttar med påskesaft og ei lita gåve til familien
Vandringa skjer gruppevis. Nokre dagar før T2-dagen sender vi ein SMS med info om nøyaktig oppmøtetid for din familie.
Heile familien er velkommen! Meld helst på innan onsdag 11. mars slik at vi kan førebu oss best mogeleg.
Pris: 30 kr pr. familie, Vipps #824175. Hugs å merke betalinga med T2 og namn på barnet. Betaling skal ikkje vere til hinder, ta eventuelt kontakt.
